Per Kristian Sætre
banner
perkristian.bsky.social
Per Kristian Sætre
@perkristian.bsky.social
Landsens sokneprest. Les ein del veldig gamle greier mellom slaga. Redaktør Luthersk kirketidende // Country vicar. PhD student New Testament studies.
Pave Frans er død - dagen etter at heile kyrkja, både i aust og vest, saman feira Kristi siger over døden og mørkret og han sjølv heldt sin siste Urbi et Orbi med bøn om fred i heile verda. Måtte det evige ljoset skine for han.
"Urbi et Orbi" - Easter 2025 | Francis
Urbi Et Orbi Message of His Holiness Pope Francis - Easter 2025
www.vatican.va
April 21, 2025 at 8:24 AM
Eg finn berre to vestlendingar på Wikipedia si liste over norske astronomar. Det er neppe tilfeldig. #solformørking
March 29, 2025 at 11:43 AM
KI er sikkert topp om problemet ditt er å skrive langt nok til å nå minimumskravet. Dei fleste eg veit om som skriv noko særleg, har motsett problem. Og for eigen del genererer eg så mykje sprøyt på gamlemåten at eg slett ikkje treng hjelp til å finne på meir greier som må kuttast.
March 28, 2025 at 8:34 AM
Eg er gjerne med på å diskutere å kutte fridagar. Men ta no andredagane fyrst, og ikkje Kristi himmelfartsdag som faktisk er ein skikkeleg heilagdag og ikkje berre ei gammal løysing på prestane sin heilagdagslogistikk.
Venstre vil kutte fridag for å styrke Forsvaret
Leder i Unge Venstre vil kutte fridager og bruke pengene på å styrke og ruste opp Forsvaret. Han får støtte fra Grønn Ungdom.
www.nrk.no
March 11, 2025 at 8:27 PM
Dagens høgdepunkt var utan tvil lunsjkonsert på MF med Torbjørn Dyrud og @ingridbmelve.bsky.social Salmane deira er altså så vare og sterke at eg manglar heilt ord. Men det gjer ikkje Ingrid – ho skriv til det vert heilt ekte og sant. Dei reiser på turné no – få det med deg om du kan!
"Kanskje er det vi som er skygger" - Salmekveld med Torbjørn Dyrud og Ingrid B. Melve i Tomb kirke
Denne kvelden får vi bli kjent med nye salmer og salmeviser av og med Torbjørn Dyrud og Ingrid B. Melve. Torbjørn Dyruds virke som musiker, komponist og tekstforfatter kjennetegnes av en bred interes...
skjerikirken.no
February 12, 2025 at 6:12 PM
Læhkoeh biejjine! Vuorbbe biejvijn! Lihkku beivviin! Her snakkar me gledeleg graf i høve dagen.
Lihkku beivvin! Dig this!
February 6, 2025 at 8:44 AM
Bra av @bjornbore.bsky.social! Dette har eg også sagt: Det står jammen ikkje så dårleg til med Den norske kyrkja. Medlemstalet er høgt når ein tenkjer etter – det er lågt berre når ein samanliknar med kunstig høge tal frå statskyrkja og dei store monopola si tid.
«En applaus for Den norske kirke!»
Den norske kirke bør gi seg selv en klapp på ryggen for godt utført innsats.
www.vl.no
January 31, 2025 at 11:40 AM
Eg har ingenting å leggje til. Det er slik det er.
en ørlite pluss med januar, er at det er åpenbaringstid. Og er det åpenbaringstid, kan man synge denne perlen som jeg paa det fremste vil anbefale tvilere, troende, røkere og sportsmenn.
January 28, 2025 at 11:56 AM
“In the name of our God, I ask you to have mercy upon the people in our country who are scared” – biskop Mariann Edgar Budde utlegg Bergpreika til president Trump og alle andre på dagens bønegudsteneste i Washington Cathedral. Og det vert altså ei så sterk preike av det.
1.21.25 Homily by The Right Rev. Mariann Edgar Budde
YouTube video by Washington National Cathedral
youtu.be
January 21, 2025 at 8:42 PM
Kutt er alltid vanskelege. Men måten kyrkjerådet no vil kutte i sekretariatet, svekker både den faglege støtta lokalkyrkja treng, og det gjer framtida for den teologiske og kyrkjefaglege kompetansen utrygg. Me håper leiinga no lyttar til innspela som kjem!
«Ikke ta den støtten vi trenger»
KIRKEBYRÅKRATI: Som sokneprester trenger vi fagfolk å ringe når vi står fast, skikkelige og faglig forankrede sakspapirer å drøfte, gode planer å jobbe ut ifra, grundig gjennomarbeidede liturgier å jo...
www.vl.no
January 17, 2025 at 12:54 PM
Ny runde i VL – denne gongen om dei uforståelege versa om å ikkje “spotte Den heilage ande.” Sjølv om dei er rare, viste det seg ved litt gjennomarbeiding at dei er ganske så aktuelle.
Soknepresten svarer: – Hva vil det si å spotte Ånden? Og hvordan kan jeg unngå det?
BIBEL: Det viktigaste evangeliet seier om Guds Ande, er at Anden er uløyseleg knytt til Jesus, skriver sokneprest Per Kristian Hovden Sætre.
www.vl.no
January 15, 2025 at 3:30 PM
Mykje fælt på internett, men me har også archive.org og nb.no. Skulle berre sjekke ein referanse til ei gammal bok om Matteusevangeliet, og brått sit eg og blader digitalt i eit eksemplar av boka gjeven av forfattar Krister Stendahl til professor Walter Bauer – frå ein gigant i faget til ein annan.
January 13, 2025 at 7:54 AM
I det hundreårsjubileet for Egil Hovlands fødsel tonar ut og me går inn i året som markerer at (den fyrste utgåva av) den nikenske truvedkjenninga er 1700 år, burde me hatt ein eigen, liten fest for truvedkjenninga med Hovland sin melodi. Det er noko av det finaste Den norske kyrkja har.
Den nikenske truvedkjenninga, Credo, nynorsk
Ordning for hovudgudsteneste: Ledd 14 | Trosbekjennelsen CREDO Den nikenske truvedkjenninga Musikk: Gregoriansk/Egil Hovland Sats: Egil Hovland
vimeo.com
January 9, 2025 at 9:24 AM
Det er ofte sånn det er med fotnotar.
Sometimes citations are just a crudely scribbled map of a rabbit hole for the next poor bastard who feels the need to fall down something.
January 8, 2025 at 7:22 PM
– Skal vi ha en mannsdebatt som fungerer må det være mulig å anerkjenne menns problemer uten å legge skylden for disse på kvinner, seier Elisabeth Hermstad Reinertsen. Eigentleg burde det ikkje vere vanskelegare enn det – verken i kristne mannspoddar eller andre stader.
«For å ha en mannsdebatt må vi anerkjenne menns problemer uten å legge skylden på kvinner»
LIKESTILLING: Det må være mulig å sette ord på menns legitime bekymringer uten å i neste setning hevde at de er konsekvens av kvinners utspekulerte jakt etter makt.
www.vl.no
January 8, 2025 at 9:44 AM
Takkar Lars Petter Sveen for glitrande preiketips og håper eg lever etter alle fem på ein god dag!
«Fem tips til ei betre preike»
Det svake punktet i gudstenesta, er preika. Slik treng det ikkje vere.
www.vl.no
January 7, 2025 at 9:50 PM
Dagens #polkvart var oppløftande – det er så bra når politikarar vert stilte til ansvar for det dei faktisk seier, stemmer og skriv (og ikkje skriv) i partiprogramma. Så
kan ein heller snakke sjeldnare om marginale endringar på meiningsmålingane og slikt.
January 7, 2025 at 7:03 AM
Er i Oslo. Snøkaoset er no på nivået “eg er tom for kaffi, men det får vere det same, eg skal ikkje ut for å handle.”
January 6, 2025 at 8:14 PM
Artigfakta til heilagtrekongarsdagen: Melodien alle speidarar kjenner som “Bålets flammer,” er eigentleg melodien til “La marche des rois mages,” ein gammal song frå Provence om dei tre vise menn. Songen høyrer til feiringa av dagen i dag.
La Marche des Rois Mages - Comptine pour Enfants
YouTube video by Les Comptines du Zoo
youtu.be
January 6, 2025 at 3:50 PM
Richard Hays er død. Og eg innser at eg har lese store delar av forfattarskapen. Om eg ikkje alltid har vore samd, har den tidlegare engelsklæraren skrive bøker som viser kor avgjerande sans for litteratur og poesi er i lesinga av Bibelen. Det skal han ha takk for!
Richard Hays, influential scholar who changed his mind on same-sex marriage, has died
(RNS) — The renowned New Testament scholar and former dean of Duke Divinity School described his most recent book as an act of repentance for the way his work had been used to harm LGBTQ people and to...
religionnews.com
January 6, 2025 at 7:48 AM
God Kristi openberringsdag! Denne sundagen feirar Den norske kyrkja den eldste festen for Kristi fødsel (ein dag før tida). Og Petter Dass har, saman med Aasmund Nordstoga, beste salmen for dagen. Var ei glede å syngje denne i høgmessa i dag også (litt mindre taktfast, då).
Her er det Ny
YouTube video by Aasmund Nordstoga - Topic
youtu.be
January 5, 2025 at 12:37 PM
Fallhøgda er stor når ein mann skal podkaste seg gjennom heile Bibelen med ein miks av attforteljing, faktautfylling og lettbeint vitsing. Men med to av førti episodar ute, verkar det lovande! Forma fungerer og det er lett å høyre kva som er kva. Så eg er spent på framhaldet.
Bibelen - NRK Radio
Intriger, sex og brodermord – undere, undergang og oppstandelse. Ingen bok har påvirket vår verden mer enn Bibelen. Men vet du hva som står i den? Are Sende Osen forteller.
radio.nrk.no
January 4, 2025 at 7:13 PM
Reposted by Per Kristian Sætre
Godt aor! Vonar alle har fått starta året med eit like fint lasershow som me fekk her ute i nynorskkommunane.
January 1, 2025 at 12:11 AM
Dette var rett og slett ein veldig, veldig god tale – gode ord frå eit ekte menneske til og om oss alle saman. Takk!
Kongens nyttårstale: – Ingen av oss er spart for smerte og motgang
Sjukdom, prinsessebryllaup og valdtektssikting. 2024 var året då kongefamilien «verkeleg blei sett på prøve» seier Kongen.
www.nrk.no
December 31, 2024 at 6:51 PM
Dette var ei nyttårsutfordring eg kunne like. Kva om me gjer 2025 til eit år for dei verkelege tinga?
"Det är läskigt att gå till sin lokala församling, motorklubb eller fältbiologförening för första gången, och läskigt att ta varandra på allvar. Samtidigt som det är svårt, väldigt, att titta bort från charlataner, influencers, brain rot, och sig själv."

www.aftonbladet.se/kultur/a/jQp...
Jag har tydligen skrivit verklighetens litteratur
MARCUS HÄGGLUND Det finns ingen självupptagenhet jag avskyr mer än min egen
www.aftonbladet.se
December 31, 2024 at 11:03 AM