Per Kristian Sætre
banner
perkristian.bsky.social
Per Kristian Sætre
@perkristian.bsky.social
Landsens sokneprest. Les ein del veldig gamle greier mellom slaga. Redaktør Luthersk kirketidende // Country vicar. PhD student New Testament studies.
Eg har aldri sunge i kor, og eg er eigentleg tenor. Men eg har lært meg basstemma på “Alle vender” som sosial overlevingsstrategi.
November 7, 2025 at 10:39 PM
Bordversfagleg manglar den kyrkjekulturelle “Alle vender augo sine til deg” (N13 761) som ofte vert brukt for å røykje ut folk om ikkje instinktivt syng firstemt. Eg tenkjer bordversskalaen går frå den til “Thank you Lord”, som på same vis kan brukast til å avsløre folk som slit med synkopar.
November 7, 2025 at 10:30 PM
Skjer fleire ting på ein gong her – auka oppslutning på tvers av kyrkjelandskapet. Men kristne leiarar kappast om å ta utviklinga til inntekt for at akkurat deira kyrkjelyd gjer ting riktig. I denne saka er det Messiaskyrkja og styremedlem Toje som får gjere det.
October 20, 2025 at 7:10 AM
Dessutan manglar brorparten av bitane. Og nokre av dei me faktisk har, gøymer me mellom sofaputene for å få til eit bilete som ser sånn nokolunde ut.
August 13, 2025 at 6:58 AM
Grundtvig er av dei som fortener vesentleg meir av både tyn og lovord enn han faktisk får.
June 8, 2025 at 7:26 PM
Det der kan vere ein sunnmørsbunad utan jakke. Og den skal ha slik huve, berre at nesten ingen brukar det.
May 17, 2025 at 7:25 PM
Berre Shetland som øya der vindguden bur, er så gøy at dette må vere riktig.
April 24, 2025 at 2:21 PM
Det er jammen ikkje det verste ein kan gjere. Lukke til!
March 10, 2025 at 8:42 PM
“Ingenting” er for alle praktiske formål riktig svar. Der er nokre subtile kulturskilnader på grunn av ulik historie, men ingen grunn til ikkje å plukke emne utifrå kva du har mest bruk for eller synest er mest interessant. Båe fakulteta har glitrande folk med ulik spesialkompetanse.
March 10, 2025 at 5:00 PM
Dette er mange paradoks i dette, for ingen av oss er heilt gjennomreformerte. I hundre og femti år har rørsla gått mot ein retur til felleskristne praksisar. Offisiell liturgi for oskekross i dag fekk Dnk til dømes fyrst i fjor. Men råd om felles fastepraksis trur eg er vanskeleg å sjå føre seg.
March 5, 2025 at 6:14 AM
Her må protestantismen ta skulda. Står til dømes i den lutherske vedkjenninga at reglar om mat og slikt er unyttige og i strid med evangeliet (CA XV). Dermed vart fasta åndeleggjort og individualisert, og det vert lite felles praksisar av slikt.
March 5, 2025 at 6:06 AM
And at some other occasion, it can be used to argue for learning deep truths by reading really old stuff. That happens too.
February 14, 2025 at 7:14 PM
Of course, she put that line at the end of her (excellent) version of Arthur and the knights of the Round Table, as a defence for writing old fashioned romances in 1915, but it’s a versatile line.
February 14, 2025 at 6:30 PM
I’m considering putting this in my own sermon one day, though. Our ethical challenges do not change. I like to quote Sigrid Undset, Norwegian author and Nobel laureate: “Though fashions and customs may change as the years go by, the hearts of men will not change even so little in all eternity.”
February 14, 2025 at 6:27 PM
Kunne tippa på positiv Robin Hood-effekt for Rikard Løvehjarte og motsett for Johan. Men det ser ikkje ut til at samanhengane er nok kjende.
February 7, 2025 at 1:25 PM
Å grunnleggje byar folk er glade i er eit sjakktrekk, trur eg.
February 7, 2025 at 12:45 PM
Må passe på at “han der som var så kjip med Alicia Vikander i den filmen” er eit svaralternativ.
February 7, 2025 at 12:44 PM
Kan jo håpe på bittelitt utslag for Olav Tryggvason, Håkon Håkonson og Christian Kvart også. Men ein interessant ting hadde vore å sjå om me har kongar som vert hugsa som dårlege. Eg er ikkje sikker.
February 7, 2025 at 12:34 PM
Ser føre meg mange store veit-ikkje-grupper og dårleg differensiering i midtfeltet. Slik er det jo på denne også. Trudde ærleg tala Shakespeare skulle sende Henrik V endå lengre opp og Rikard III til botns, men neidå.
February 7, 2025 at 12:15 PM