Per Kristian Sætre
banner
perkristian.bsky.social
Per Kristian Sætre
@perkristian.bsky.social
Landsens sokneprest. Les ein del veldig gamle greier mellom slaga. Redaktør Luthersk kirketidende // Country vicar. PhD student New Testament studies.
Eg finn berre to vestlendingar på Wikipedia si liste over norske astronomar. Det er neppe tilfeldig. #solformørking
March 29, 2025 at 11:43 AM
Mykje fælt på internett, men me har også archive.org og nb.no. Skulle berre sjekke ein referanse til ei gammal bok om Matteusevangeliet, og brått sit eg og blader digitalt i eit eksemplar av boka gjeven av forfattar Krister Stendahl til professor Walter Bauer – frå ein gigant i faget til ein annan.
January 13, 2025 at 7:54 AM
Dagen etter og ganske lita, men det er ei perlemorsky på Vestlandet.
December 17, 2024 at 8:29 AM
Veslejulaftan for hundre år sidan melde lokalavisa Møre i Volda om reinhaldsutgiftene i departementa, med kommentaren: "Skitsamt maa der vere."
December 16, 2024 at 10:33 AM
Eg har lovd å slutte å forsyne meg når professorar gjev bort bøker før dei går av med pensjon. Men Kristen Weierholt sin klassisk greske grammatikk på nynorsk kan ein faktisk ikkje gå forbi.
December 5, 2024 at 5:57 PM
Slik får ein flotte metaforar om dører og portar og opningar og nye byrjingar – skikkeleg nyttårsstemning, med andre ord. Salmen framfor nokon denne dagen er dermed «Gjer døri høg» på nummer 5 i salmeboka – ein 1600-talssalme av prøyssaren Georg Weissel i norske versjonar ved Landstad og Blix. 3/6
December 1, 2024 at 9:21 AM
Bibelteksten for dagen har sidan mellomalderen vore Jesu inntog i Jerusalem i Matteus 21. Forteljinga høyrer påska til, men handlar om Jesus som kjem til ein by. Så med litt forsiktig biletleg lesing vert det ein bra adventstekst om Jesus som skal kome. 2/6
December 1, 2024 at 9:18 AM
Godt nyttår! Det nye kyrkjeåret byrjar på fyrste sundag i advent. Det var inga lita sak i tidlegare tider. Mi mangegongeroldemor Else Arnesdotter døydde til dømes 29. november 1833 og vart jordfesta sundag 1. desember. Gravferda står i kyrkjeboka som den fyrste i 1834. 1/6
December 1, 2024 at 9:16 AM
Finaste julesongverset eg veit om er endå stilegare enn eg visste. Slo opp “No koma Guds englar” i tredje heftet av “Nokre salmar” av Blix (1875). I tredje verset er moderniseringa “det grønkar av vår” langt tammare enn “I hardaste Vetter Gud Sumargull straar.” #salmekveld
November 26, 2024 at 7:04 PM
Oppdatering: Burde ha sjekka Julesongboka, denne perla utgjeven av Ørsta kommune i 1993, redigert av Bård Dahle, Jostein O. Mo og Terje Aarseth. Der står denne teksten på side 53, med notar og greier:
November 23, 2024 at 11:10 PM
Eg vart spurd om eg kjende den nynorske teksten på “O, come all ye faithful.” Og det trudde eg at eg gjorde. Men ikkje om eg kunne finne han. Så leverte ein gammal kordirigent ein handskriven tekst, og då fann me han. I Norsk barneblad frå 1941 (nr 22–23).
November 23, 2024 at 6:44 AM
Det kan gå retteleg bra når statsrådar skriv songar.
April 8, 2024 at 12:46 PM
Og Vårt Land illustrerer det heile med glitrande nyhendegrafikk:
March 14, 2024 at 7:12 AM