Mads Rage
banner
masd.no
Mads Rage
@masd.no
Forfattar med for mange interesser.🚴‍♂️🏃‍♂️‍➡️🛼🎼🎞️
Skriv stundom i kort format på https://masd.no/
Har laga to små spel om kreativitet: https://masd.no/seksord (@seksord.bsky.social) og https://masd.no/corpse (@forteljing.bsky.social). Også: @haikunytt.bsky.social.
Eg har tidlegare leigd elektrisk lastesykkel med tre hjul, den står av seg sjølv og er artig å køyra.
November 11, 2025 at 1:49 PM
Reposted by Mads Rage
Fem minutt seinare stod vi på Garage med kvar vår øl. Det er trist at ein ikkje lærer slikt i skulen lenger.
November 11, 2025 at 1:03 PM
Ein lærer dessutan ein heil del om økonomi på skulen, men det er ikkje til å unngå at ein god del av dei folka som hadde hatt mest bruk for det, gløymer kva dei har lært.
November 11, 2025 at 12:46 PM
I tiårsalderen vart eg vald til kasserar i 4H, og gjekk på eit fleire dagar langt kurs for å læra dobbel bokføring på papir. Den kunnskapen vart jammen fort utdatert.
November 11, 2025 at 11:50 AM
Dette vil også gjera det lettare å halda på uniformsskjorta med den krøllete Petterøes-pakken i brystlomma.
November 11, 2025 at 10:49 AM
November 11, 2025 at 10:33 AM
I slike situasjonar nyttar eg ringeklokka og held trygg avstand. Dytting er heilt håplaust.
November 11, 2025 at 10:06 AM
Reposted by Mads Rage
Det største feilskjeret i den no heilt avkledde teorien om "digitale innfødde" er at konsumåtferd er det same som kompetanse
November 10, 2025 at 9:42 AM
Ein når eit punkt der det vert meiningslaust med optimalisering, men det er no ein del som alltid skal gjera det motsette av det kosthaldsråda seier, og insistera på at det er sunt.
November 10, 2025 at 2:46 PM
Når du nemner det, så har eg høyrt om gullet på Bømlo. Det er rett nok eit metall, men det tel vel likevel.
November 10, 2025 at 2:05 PM
«– Det er så mye edelsteiner i Norge at folk forstår det ikke. Folk har ikke kunnskap om det, forteller han. (...)
Han har flere typer steiner, blant annet har han funnet spesielle edelsteiner som diamant, rubin og ametyst, og til og med gull ute i naturen på Sunnmøre.»
Jakten på den perfekte stein
­
www.nrk.no
November 10, 2025 at 1:55 PM
Med så mykje stein som me har her i landet, burde det vera ein del bra greier, men det einaste eg kjem på er smaragdar ved Mjøsa.
November 10, 2025 at 1:50 PM
Kva slags steinar er det eigentleg ein kan finna som er så spektakulære? Eg har høyrt om folk som har funne bergkrystall, men det er eigentleg ikkje så veldig ettertrakta.
November 10, 2025 at 1:36 PM
Har sett litt på eit fjernsynsprogram som heiter Outback Crystal Hunters, der folk leitar etter dyre steinar som dei kan selja til samlarar. Det er kjekt, for dei vert så utruleg glade når dei finn bra ting.
November 10, 2025 at 1:29 PM
Eg trur elles at det Løten-baserte death metal-bandet Malevolent Pultost kunne gjort det stort i Brasil.
November 10, 2025 at 11:28 AM
Ny regel: Alle band skal kallast opp etter ein lokal kulinarisk spesialitet.
November 10, 2025 at 11:17 AM
47. Kaizers Orchestra: Ompa til du dør (2001). Utruleg lenge sidan eg har høyrt dette. Det som slår meg no er at lydbiletet minner meg om eit bestemt register hjå Tom Waits.
November 10, 2025 at 11:09 AM
Politiet treng ikkje ha ei meining om dette.
November 10, 2025 at 10:51 AM
Eg las ein fascinerande artikkel om spedalske på vestlandet i nyaste Syn og Segn, og deretter storkoste eg meg med ein artikkel på NRK om arkeologiske funn som smeltar fram frå isbreane. Mellom anna var det ein tre tusen år gammal skisko, og ei endå eldre pil. Tenk på alt folk heldt på med oppi der.
November 10, 2025 at 10:38 AM
Det er mykje her. Mellom anna er det også namnet på ei øving ein kan gjera innan styrketrening, men det høyrest risikabelt ut.
November 10, 2025 at 10:32 AM
Også påfallande at Skullcrusher-namnet har blitt adoptert av ein kvinneleg, amerikansk indie-folk artist.
Skullcrusher - Wikipedia
en.wikipedia.org
November 10, 2025 at 10:27 AM
Det mest overraskande eg har lese om er elles at høgt inntak av hem-jarn, altså animalsk jarn, i seg sjølv er knytt til kreftrisiko.
November 10, 2025 at 9:35 AM