Nils Henrik
banner
nilshenrik.bsky.social
Nils Henrik
@nilshenrik.bsky.social
Bøker. Musikk. Fotball. Jæren. Popkulturguru med opprykk.
Pinned
Kvifor leve i "nuet" når du kan leve i Millenniumsæraen!
Noregs herrelandslag i fotball har tapt ufatteleg mange kampar opp gjennom tidene, men sist dei tapte med ni mål eller meir var 1. november 1972, same dag som Ezra Pound døydde. Då var noverande landslagssjef Ståle Solbakken fire (4) år gamal. Kan dei atter greie det i Milano i kveld? Me får sjå!
November 16, 2025 at 7:27 AM
Tøffaste namn i finalen i Rogalandscupen: Birk Stål (Tonstad)
November 15, 2025 at 4:29 PM
Folkesky USAnsk presidentkandidat?

Eremitt Romney.

Drillo som plutseleg anar svaret på eit intrikat quiz-spørsmål om USAnske presidentkanditatar:

Er 'e Mitt Romney?

Takk, takk. Det er ikkje nødvendig å tipse.
November 15, 2025 at 2:50 PM
Eg skal ikkje nekte for at eg synst det er litt spennande at Noreg kan kvalifisere seg med eit lag som har potensial til å gjere det bra, men fotball-VM for menn har blitt eit vederstyggeleg opplegg for folk som har meir pengar enn dei burde.
Trond Steensnæs fra Haugesund har brukt flere hundre tusen på å sikre VM-ferie
Han har kjøpt dyre billetter, booket 200 hotellnetter og skaffet seg fly til samtlige vertsbyer. Dette gjør han selv om ingen vet hvor kampene skal spilles.
www.nrk.no
November 15, 2025 at 8:42 AM
Brakdebut! Sensasjon! Årets perle i bokhøsten!
November 14, 2025 at 2:52 PM
Allegedly by his uncle
November 14, 2025 at 1:50 PM
Gud sjå i nåde, me er her allereie ja? Viss dei faktisk kvalifiserer seg skal det i sanning bli ein lang vinter og vår 🙄
November 14, 2025 at 9:18 AM
Eit langt fotballiv har lært meg mykje.

Mellom anna å levande førestelle meg alle dei tallause måtane Noreg kan tape 0-9 for eit av dei dårlegaste italiaa gjennom alle tider og gå glipp av nok eit VM-sluttspel på.

Tidl. landslagssjef Egil "Drillo" Olsen (82) er openbert langt mindre rutinert 🙄
November 14, 2025 at 7:43 AM
Damn, tenk at Sju pils-Rune er med i reklame for Oda. Snakkar om blast frå pasten!
November 13, 2025 at 6:01 PM
Svak førsteomgang. No er det på tide å gamble litt her, Ståle. Starte jakta på vinnarmålet. Få terningen kasta.

Alea iacta Estland.
November 13, 2025 at 5:52 PM
Kragen på dei estiske draktene får spelarane til å likne litt på prestar.

Prestland.
November 13, 2025 at 5:25 PM
Hadde kanskje ikkje gjetta at Cardigans skulle dukke opp på Bryne i framtida då eg såg dei på Quart i 1999. Den gongen flaug dei så høgt at Nina Persson kunne tillate seg å ikkje ane kva for eit land ho var i 🤷‍♀️
November 13, 2025 at 1:23 PM
Bryne anno 2025 har eit rikt og variert uteliv, men akkurat dette lokalet ved torget er det ingen som får sving på. Det har vore til leige så mange gonger at eg vurderer å leige det og opne kaféen Til Leie
November 13, 2025 at 11:54 AM
Gjorde litt research på kjende estarar i tilfelle det skulle bli aktuelt med ein bjørgelillelienesque Vi har slått dem alle sammen-rant i kveld, og må difor med stor sorg og vemod opplysa at den første biskopen i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Estland (Eesti Evangeelne Luterlik Kirik) heitte
November 13, 2025 at 9:30 AM
Droltedridas
November 13, 2025 at 7:11 AM
Ceci n'est pas un example menue, c'est un skjermdump d'un example menue
November 12, 2025 at 6:22 PM
I dag er det nøyaktig 70 år sidan Enchantment Under the Sea-dansen. Lurar på om handa til Marvin Berry nokon gong vart bra igjen?
November 12, 2025 at 12:20 PM
Men alle skjønar at dette er ei kåring det er dårleg å toppe, sant? Å vere "boligvennlig" tyder at du bygg ned matjord, gjev blaffen i strandsonevernet, slurvar med saksbehandlinga og let deg presse av utbyggjarar.
Norges mest boligvennlige kommuner
119 kommuner er vurdert, og det er Klepp som kupper førsteplassen.
www.nrk.no
November 12, 2025 at 11:54 AM
Republikken San Marino er ein enklave i Italia med 34000 innbyggjarar. Italia har 59 millionar innbyggjarar. Det er uklart om landslaget til San Marino ville slått bedriftslaget til pizzeriaen San Marino på Landås. Likevel kan det teoretisk skje at San Marino kvalifiserer seg for VM og Italia ikkje.
November 12, 2025 at 11:25 AM
Reposted by Nils Henrik
Tenk å hete Melvin og ha tics.
November 12, 2025 at 10:55 AM
Slutt å skrive om USAnsk «politikk», herrefred for eit mas 🙄
November 12, 2025 at 8:46 AM
Minstebror min, som er direktør, refsar regjeringa ✊
Kritiserer regjeringa for å nedprioritere kulturen i Nord-Noreg
Kulturministeren skrytte av at dans får ekstra millionar neste år, med eit bilete av nordnorske dansarar som ikkje får ei krone ekstra.
www.nrk.no
November 11, 2025 at 5:20 PM
Sidan økonomi er dagens tema prøvar eg å erindre eigne privatøkonomiske milepælar. Eg fekk bankkort (VISA Electron) før eg skulle til Roma påska 1998. Men tilbaud Time Sparebank nettbank allereie den gongen? Kunne ein ringje Kontofonen?
November 11, 2025 at 1:57 PM
Eh, eg hugsar ærleg talt ikkje korleis eg lærte å betale rekningar, men eg veit at eg må ha lært det, for eg gjer det kvar månad. Det er mange ting ein kan lære utan at det står i ein læreplan. Ein må òg ofte lære ting på nytt, for me betalar ikkje rekningar på same måte i dag som på nittitalet.
November 11, 2025 at 10:56 AM
Som mange vil hugse fekk Axel Kryger eit lam i bestemannspremie då Bryne slo Haugesund i vår. Lovnaden var at lammet skulle få leve gjennom sommaren og Kryger få kjøtet når sesongen var over. Men sidan har spelaren fått kontrakten med Bryne terminert. Kva skjer med lammet? Her må media følgje opp! 🐑
November 11, 2025 at 8:29 AM