Mads Rage
banner
masd.no
Mads Rage
@masd.no
Forfattar med for mange interesser.🚴‍♂️🏃‍♂️‍➡️🛼🎼🎞️
Skriv stundom i kort format på https://masd.no/
Har laga to små spel om kreativitet: https://masd.no/seksord (@seksord.bsky.social) og https://masd.no/corpse (@forteljing.bsky.social). Også: @haikunytt.bsky.social.
Pinned
Mads Rage @masd.no · Aug 27
Mogeleg at dette berre kunne ha vore ein festa post, så er ein ferdig med den biten.
masd.no Mads Rage @masd.no · Apr 18
Herregud for ein idiot den mannen er.
Matti Nykänen levde som om han var med i ein Kaurismäki-film. Det er vel mogeleg at dei slit litt med ryktet.
February 12, 2026 at 12:22 PM
Av og til kan kunst vera
February 12, 2026 at 11:27 AM
Ja, dei kan vera hyggelege, det var mest for å illustrera dei slåande kontrastane i kva ho synest det er viktig å kommunisera om.
February 12, 2026 at 9:59 AM
Mi dotter tenkjer høgt til meg på SMS om den minste ting, men så kan ho også finna på komma spontant heim etter ein mange dagar lang hyttetur utan å eingong melda frå om kva dag det var ho skulle komma, og dessutan ha med seg både kjærasten og foreldra hans.
February 12, 2026 at 9:51 AM
Eg meiner, eg sat ved sidan av dotter (14), og skulle hjelpa ho med å formulera ein ein tekst til ein potensiell arbeidsgjevar. Så spør ho meg om det funkar å starta med 'Hei'. Det går fint, seier eg, men før eg får sagt noko meir, trykker ho send.
February 12, 2026 at 9:40 AM
Usikker, det er jo ganske reint, men min er 99%, så det spørst vel kva anna som er i det. Eventuelt om ein har ein litt usynleg stad å testa det på.
February 12, 2026 at 9:34 AM
Vil overraska meg om det ikkje kjem ein stor lekkasje i løpet av året. Har sett nokre rykte om folk som har fått uautorisert tilgang.
February 12, 2026 at 9:03 AM
Fleire som har erfart at ungdommar/unge folk tekstar fragmentarisk? Fyrst gjerne berre 'Hallo...'. Så går det eit minutt før eit nytt fragment kjem, til dømes kvar dei er. Framleis ingenting om kva dei vil. Eit nytt minutt går, osv. Dette driv meg til vanvit, men dei synest visst det er normalt.
February 12, 2026 at 8:53 AM
Det er vel slik at vatnet i øl set flekker. Eg tenkte intuitivt på rein alkohol som eit alternativ, altså isopropanol (blårens). Det ser ut til at internett til dels går god for dette.
February 12, 2026 at 8:22 AM
Lurer på om strategien her er å seia veldig klårt og tydeleg det motsette av det som dei tradisjonelle media seier veldig ullent og forsiktig.
February 12, 2026 at 8:15 AM
Biletet synest å påstå at ein lyktestolpe med påmontert lyskastar er interessant, men mislukkast i å underbyggja dette.
February 12, 2026 at 8:08 AM
Berre slenger ut ein tanke her, men kan det tenkjast at unge, mannlege podkastlyttarar er litt for ukritiske?
February 12, 2026 at 8:06 AM
Er det printa rett frå street view liksom
February 12, 2026 at 8:03 AM
Treng ikkje handrørsler eingong. Det kan vera nok å berre sykla. Eller spasera.
February 12, 2026 at 8:00 AM
Eg vil nok heller slåst mot ein full fiende enn ein som går på kokain.
February 12, 2026 at 7:54 AM
Imponerande generøse premiar!
February 11, 2026 at 7:02 PM
Mi grunnhaldning er at alle premiekonkurransar som bedrifter arrangerer for å marknadsføra seg berre er lureri, og at ingen nokon gong får ein premie.
February 11, 2026 at 2:13 PM
God idé! Kanskje kan dei også ha døyande mammut-workshop saman med dei som er inni det rare nasehornet i Dürer-parken i Kristiansund.
February 11, 2026 at 11:25 AM
Eventuelt kan det nyttast ei tomanns mammut-drakt, der ein person styrer framparten og ein annan bakparten. Her må det sjølvsagt nyttast eit spyd med mjuk tupp for å unngå ulukker.
February 11, 2026 at 11:17 AM
Strålande idé! Eg ser føre meg at dette også kan verta ein idrett for folk flest.
February 11, 2026 at 10:59 AM
Skiballett vert for keisamt. Det manglar eit element, til dømes eit innlagd spydkast, men eg er også usikker på om det er nok. Det hadde kanskje vore nok om det var snakk om kulekøyring med innlagd spydkast, men skiballett treng noko som er så spektakulært at sjølve balletten vert overflødig.
February 11, 2026 at 10:52 AM
Eg vil også sjå snømannbygging på tid. Her er det rom for både sprintklassar og meir langdryge snømannbyggemaraton med klassar for både kvalitet og kvantitet.
February 11, 2026 at 10:27 AM
Seinast i førre veke vart to brød øydelagde fordi fruen hadde justert temperaturen og gløymd å trykka på play-knappen etterpå. Dette er dårleg grensesnittdesign.
February 11, 2026 at 9:29 AM
At eg ikkje tenkte på det.
February 11, 2026 at 9:17 AM
Også veldig gøy når du har ein masse gryter med innstilt timer på platene, og så kjem det litt vatn på og nullar ut heile skiten.
February 11, 2026 at 9:16 AM