Norskt Måldyrkingslag
maaldyrking.bsky.social
Norskt Måldyrkingslag
@maaldyrking.bsky.social
Ord um sigild norsk frå 1928 til dessa.
I dag er nedertysk mest undantrengt av høgtysk i heimlandet sitt eige, men her til lands trivst narreskap i målvegen og vanvyrdnad for eigen målarv lika godt, um ikkje betre, berre med andre utlendske fyrebilæte.
June 17, 2025 at 1:06 PM
Døme: Kann eg få vatn attåt? Ho lyt jobba attåt ho studerar. Attåt meg var det tri andre der.
November 22, 2024 at 1:50 PM
Til ‘gaum’ hev me lagordet GAUMSAM, og til ‘gå’ GÅSAM, GÅUG, GÅIG. Det rangsnudde er å vera GÅLAUS, og av det namnordet GÅLØYSA (ei); som andre ord på -løysa tyder det ikkje berre ‘det å vera gålaus’, men au ‘eitkvart som vert gjort i gåløysa’ og ‘ein som er gålaus’: Han var ei retteleg gåløysa!
November 17, 2024 at 5:35 PM
Attmed ‘gå’ kann me setja eikor utfyllingi. GÅ ÅT (elder berre ‘gå’) kann koma i staden for ‘observera’, og ÅTGÅING (ei) i staden for ‘observasjon’. Gå, kor nytsamt det ordet er!
November 17, 2024 at 4:44 PM
Segnordet som samstevjast best med grunntydingi av ‘gaum’, er do GÅ (-dde) med linn bøyging, ikkje å mistaka for ‘ganga’ med sterk bøyging. GÅ og GAUM er ordskyldingar, men skyldskapen ligg so langt attende i tid at me ikkje går (!) han utan umfram målfrødekunnskap i dag.
November 17, 2024 at 3:39 PM
‘Gaum’ heng i hop med ei lang rad andre ord. Segnordet GØYMA (-de) syner det ålgjenge ljodbrigdet /au/ > /øy/ og hev grunntydingi ‘gjeva gaum etter’, og av det kjem tydingi ‘taka vare på’, og av det att kjem tydingi ‘gøyma undan, dylja’.
November 17, 2024 at 2:33 PM
Me kjenner ‘gaum’ or Draumkvædet:

Gamle mennar og unge
dei gjev’e etti gaum’e
med han Olav Åsteson
tel’e sine draume
November 17, 2024 at 2:23 PM