Norskt Måldyrkingslag
maaldyrking.bsky.social
Norskt Måldyrkingslag
@maaldyrking.bsky.social
Ord um sigild norsk frå 1928 til dessa.
Sist på 1400-talet var nedertysk prestigemålet i Norderlondom. Lidvord Aslaksson nøytte dei nedertyske skålordi ‘got sint ju’ i eit heilnorskt lag på Bø i Saudherad året 1489. Då ein annan nordmann fann åt ’om for det, drog Lidvord kniven og drap hin.
«Eg kann ikkje vid det skrovet. Låt oss tala vårt fadermål og modermål; mid verda ei framare en dau hava voret. Mid kunna ikkje vid det målet, mid kabbretta kjeptane. Skrovom ikkje, so at mid skrovom ikkje frå oss halsbeinet!» (Arne Torleivsson, 1489)
June 17, 2025 at 1:06 PM
Vinje um ymis landsstjorn i Dølen 9. januari 1870.
January 16, 2025 at 9:19 PM
«Forseinka» er i meste laget på norsk; me kjem langt med berre SEINKA. Men stundom er jamvel det keivelegt: «Eg vert seinka» – nei, eg vert sein, eg kjem for seint, er betre – beint fram.
November 29, 2024 at 11:32 AM
ATTÅT er eit samansett styreord til liks med attmed, attpå, attil, attpåtil og attved, som alle leikar innpå ‘attåt’ i ulike tydingar. Det gjer ymis nytte i tydingi ‘saman med, dessutan’ og kann koma i staden for ordlag som «ved sida av» eller «i tillegg (til)».
November 22, 2024 at 1:49 PM
GAUM (ein). Detta namnordet er eit merkesord i norsk målreising; med éi staving kjem det i staden for dansk ‘opmærksomhed’ (etter tysk ‘Aufmerksamkeit’) med fjore stavingar. Nær i tyding er: merksemd, ans, akt, gaumsemd.
November 17, 2024 at 2:14 PM