Norskt Måldyrkingslag
maaldyrking.bsky.social
Norskt Måldyrkingslag
@maaldyrking.bsky.social
Ord um sigild norsk frå 1928 til dessa.
Vinje um ymis landsstjorn i Dølen 9. januari 1870.
January 16, 2025 at 9:19 PM
«Forseinka» er i meste laget på norsk; me kjem langt med berre SEINKA. Men stundom er jamvel det keivelegt: «Eg vert seinka» – nei, eg vert sein, eg kjem for seint, er betre – beint fram.
November 29, 2024 at 11:32 AM
ATTÅT er eit samansett styreord til liks med attmed, attpå, attil, attpåtil og attved, som alle leikar innpå ‘attåt’ i ulike tydingar. Det gjer ymis nytte i tydingi ‘saman med, dessutan’ og kann koma i staden for ordlag som «ved sida av» eller «i tillegg (til)».
November 22, 2024 at 1:49 PM
GAUM (ein). Detta namnordet er eit merkesord i norsk målreising; med éi staving kjem det i staden for dansk ‘opmærksomhed’ (etter tysk ‘Aufmerksamkeit’) med fjore stavingar. Nær i tyding er: merksemd, ans, akt, gaumsemd.
November 17, 2024 at 2:14 PM