Sveinung Rotevatn
banner
rotevatn.venstre.no
Sveinung Rotevatn
@rotevatn.venstre.no
Nestleiar i @venstre.no.
Twitrar (eller kva no Bluesky-verbet er) om klima, EU og norsk politikk.
Ikkje denne. Risikoen ved fastpris (for seljar) gir normalt eit påslag i prisen, ref bustadlån, men her er fastprisen subsidiert av skattebetalarane. Så den vil både sikre deg mot svingingar, og er mest truleg lønsam uansett.
November 10, 2025 at 1:20 PM
At dei kunne gjort noko tidlegare (dempa budsjettimpulsen). Og ikkje har ein plan for å gjere noko no.
September 3, 2025 at 8:55 AM
Og likevel har det ikkje skjedd. Kva er grunnen til det, trur du? Jo, at miljøpartia på venstresida lar Ap styre butikken åleine i regjering - og dei støttar seg på Sp, Frp og (tidvis) Høgre i Stortinget for å hindre denne typen naturframsteg. Det er berre i regjering ein får løfta naturen.
September 3, 2025 at 8:20 AM
Eg ser bioen din stemmer, i alle fall.
September 3, 2025 at 8:06 AM
Du kan seie akkurat kva du vil. Men du kan jo merke deg at statsministeren ikkje har gjort det.
September 1, 2025 at 7:16 PM
Fordi han går meir direkte inn i skuldspørsmålet i Norway Cup-saka, meiner du? Det virkar for så vidt som @anineki.bsky.social er einig i det, sjølv om ho peiker på alle tre sakene denne valkampen: www.nettavisen.no/store-brukes...
Støre brukes som skrekkeksempel
Tre ganger på kort tid har Jonas Gahr Støre uttalt seg om pågående politietterforskninger – inkludert en sak der hans egen sønn er mistenkt.
www.nettavisen.no
September 1, 2025 at 3:19 PM
Viss det er rimeleg klart kva systemsvikten går ut på, bør ein jo kunne det (sjølv om eg meiner særleg regjeringsmedlemmar skal vise varsemd). Men eg meiner Støre gjekk alt for langt i går, som Alstadheim grunngir godt.
September 1, 2025 at 10:49 AM
Vi har prioritert det i kvart einaste budsjett (som du openbart ikkje har hatt interesse av å setje deg inn i), og situasjonen i Oslo er spesiell. Du kan lese meir her: www.nettavisen.no/nyheter/barn...
Barnevern-sjokket: – Arbeiderpartiet svikter Oslo
Venstre og Frp langer ut mot Arbeiderparti-regjeringen for underfinansieringen av Oslos barnevern.
www.nettavisen.no
September 1, 2025 at 10:47 AM
Sukk. Norway Cup-dømt er ein del av kommentaren. Og handlar om korleis ein frå utøvande makt si side skal vere varsam med å slå fast fakta før ein veit kva som har skjedd. Det virkar ikkje som du har så stort ønske om dialog her.
September 1, 2025 at 10:45 AM
Eg er ikkje krenka av noko som helst. Eg delte det eg meiner var ein fornuftig kommentar frå den politiske redaktøren i ei stor avis. Viss du meiner den var så idiotisk som du gir uttrykk for føresler eg at du skriv eit svar.
September 1, 2025 at 7:11 AM
Eg veit ingenting om profittmarginen til selskapet, eller kva den konkrete drifta deira har hatt å seie. Det gjer ikkje statsministeren heller. Og det er heile poenget.
September 1, 2025 at 7:09 AM
Eg berre antok du sikta til meg, sidan du stilte meg spørsmålet. Viss du meiner eg skal svare for nokon heilt andre, får du stille spørsmålet til dei.
September 1, 2025 at 7:01 AM
Støre sitt svar kom som eit spørsmål frå Venstre om kvifor barnevernet i Oslo er kronisk underfinansiert av denne regjeringa. Vi har prioritert det. Men det var Støre sjølv som drog desse koplingane. Det bør ein statsminister halde seg for god til.
September 1, 2025 at 7:00 AM
Har eg gjort det?
September 1, 2025 at 6:59 AM
Nynorsk er vårt sterkaste skjold mot utanlandske påverknadsoperasjonar.
September 1, 2025 at 6:35 AM