Sveinung Rotevatn
banner
rotevatn.venstre.no
Sveinung Rotevatn
@rotevatn.venstre.no
Nestleiar i @venstre.no.
Twitrar (eller kva no Bluesky-verbet er) om klima, EU og norsk politikk.
Kva er dette for ei ragebait-vinkling, @aftenposten.no? Sitatet knyter seg direkte til folk som blir legar, ikkje han sjølv eller andre direktørar.
October 28, 2025 at 9:56 AM
Kvifor har vêrmeldar Eli Kari Gjengedal endra måten ho snakkar om vêret på? Kvifor er ho så uroa for klimaendringane? ...Og kvifor stemmer ho Venstre? Det kan du høyre meir om i den nye podkastserien "Hvorfor stemmer du Venstre?". Alle episodar finn du her: open.spotify.com/show/2kRg4jz...
August 20, 2025 at 9:21 AM
5,6 prosent for @venstre.no i dagens måling for KK/Nationen. Det lovar godt for ei solid stortingsgruppe som kan dra politikken mot det liberale sentrum og tenke nytt for Noreg.
August 9, 2025 at 7:01 AM
Hehe, ikkje prøv deg. Støre duellerer med Solberg, ja, og seier valet står mellom han eller Frp-statsminister. Som her frå i dag. Heilt greit at Aps kommunikasjonsavdeling vil framstille det slik, det har Ap sikkert interesse av, men vi peiker på Erna Solberg.
August 4, 2025 at 4:26 PM
Det er ikkje alle stortingsrepresentantar frå Frp, eller frå andre parti for den saks skuld, som siterer Jürgen Habermas frå talarstolen. Vel blåst, Sivert Bjørnstad, og lukke til vidare!
June 20, 2025 at 9:55 AM
Svært presis kommentar frå @kjetilba.bsky.social om revidert nasjonalbudsjett. Men snakk om tapt moglegheit til å illustrere kommentaren med ein god, gamaldags meme. www.aftenposten.no/meninger/kom...
June 17, 2025 at 3:34 PM
Partia i kategorien "Andre" er rykande usamde om det er Bibelen, Russland eller folkerøystingar som skal styre Noreg. Men éin ting kan dei samlast om.
June 8, 2025 at 8:50 AM
Tenk at Kantar har lagt inn eit eige spørsmål for å trolle Danby Choi.
June 5, 2025 at 5:39 PM
Raudt tar reversering til eit nytt nivå. Og vil tydelegvis fjerne 10 prosent av norsk, fornybar kraftproduksjon.
June 4, 2025 at 10:11 AM
Men det kan han jo ikkje. Fristen har gått ut.
June 1, 2025 at 6:51 AM
Nydeleg ❤️🇳🇴
May 24, 2025 at 1:27 PM
Tenk at desse FOR-demonstrantane står og svøper seg i det palestinske flagget. Som om det overveldande fleirtalet av folk som tar avstand frå Russland sin angrepskrig ikkje også tar avstand frå Israel sine krigsbrotsverk. Dei eig ikkje skam.
May 22, 2025 at 3:19 PM
Han til venstre la fram statsbudsjettet. Han til høgre la fram det reviderte nasjonalbudsjettet. Og ingen av dei vil ta ansvar for den økonomiske politikken som blir ført.
May 21, 2025 at 8:22 AM
Dette er litt av ein bio.
May 6, 2025 at 6:31 AM
Korleis kunne det skje at Stortinget vedtok djuptgripande krisefullmakter til regjeringa før påske, men så snudde på femøringen etter eit facebook-innlegg? Eg har tatt ein prat med ho som har ropt for døve øyre i månadsvis, @ingvildwt.bsky.social. Lytt her: open.spotify.com/episode/01bB...
April 28, 2025 at 9:36 AM
Valdag i Canada. Dei liberale er klare favorittar, etter den mest ekstreme snuoperasjonen i noko demokrati nokon gong (?). For dei som måtte lure på om statsministerkandidat betyr noko, eller om Trump påverkar innanrikspolitikken i andre land.
April 28, 2025 at 5:44 AM
Grafen som seier alt du treng å vite om amerikansk tollpolitikk.
April 14, 2025 at 7:58 PM
Ap er åleine i regjering. Og legg fram ei “rusreform” som blir hylla av … 🥁… KrF.
April 10, 2025 at 11:30 AM
Og grunnen til at vi ikkje er med i EU er…?
April 3, 2025 at 8:28 AM
Kommentarfelta: - EU er ein katastrofe og står på randen av kollaps!

Folket:
March 25, 2025 at 7:16 AM
Kommentarfelta: - EU er ein katastrofe og står på randen av kollaps!

Folket:
March 25, 2025 at 7:16 AM
Tilfeldigheitene ville ha det til at eg las ferdig denne på flyet til Harstad i dag. Og då eg landa var Dag Solstad gått ut av tida. Ein av våre aller største.
March 15, 2025 at 12:31 PM
Fin framgang for @venstre.no, og klart borgarleg fleirtal på Stortinget. Ap gjer det skarpt, og Sp har mildt sagt ikkje fått ein boost av å koke suppe på ein EØS-spiker. www.vg.no/nyheter/i/zA...
March 11, 2025 at 4:13 PM
40 prosent seier ja til EU i ny måling hos @altinget.bsky.social. Svært lovande tal. Fleire og fleire ser at det er alvor no. www.altinget.no/artikkel/ny-...
March 5, 2025 at 7:11 AM
Tenk så heldige vi er som har naboar som møter opp på dugnaden, og kan snike med seg ei pølse i brød til oss også.
February 27, 2025 at 7:13 AM