Håkon
metrolinken.bsky.social
Håkon
@metrolinken.bsky.social
Litt som Brasil i 2014: Eg håpa på Brasil i semifinalen mot Tyskland fordi eg tenkte Brasil-Argentina i ein VM-finale i Brasil ville vore tidenes fotballkamp (målt i betydning, ikkje kvalitet), men når dei først rauk i semifinalen så var jo 1-7 perfekt. Igjen: ikkje der og då, men etter kvart.
November 13, 2025 at 10:41 PM
Objektivt sett hadde det for øvrig vore kjempemorsomt om Italia vann 9-0. Eg håpar jo ikkje på det, men det ville vore den perfekte måten å ikkje gå til VM på. Ikkje der og då, men etter kvart, når ein fekk det på avstand.
November 13, 2025 at 10:41 PM
Tykkjer Fotmob sin ser veldig brukarvenleg ut, i alle fall, takk for tips! At dei tilsynelatande (etter ein rask sjekk) ikkje er like gode på å oppdatera endringar er eigentleg ingen krise så lenge eg kan få ein OK oversikt der.
October 1, 2025 at 12:22 PM
I dag prøvde eg meg på KFUM-Strømsgodset. OK ramme rundt kampen, og veldig artig kamp, men kampen var sjølvsagt ikkje fullt så god som den høyrdest ut til å vera på NRK Radiosporten. For ein legende Olav Traaen er.
June 22, 2025 at 8:46 PM
Kamp 9: Manchester United 0-2 West Ham United. Forferdeleg kamp eg avslutta sesongen med, gitt. Hadde berre tre bilder frå Old Trafford, så då slengde eg med eit bilde frå «fjellturen» like utanfor Manchester dagen før. Det var langt hyggelegare!
June 15, 2025 at 7:34 PM
Kamp 8: U21: Manchester City 2-0 Manchester United. Overraskande jamnspelt mtp kor store favorittar City var, spesielt sidan United mangla ein del som kunne vore viktige her), men City vann fortent til slutt. Eg vert aldri fornøgd med resultata på dette anlegget, men fint å kunne gå til kamp, då.
June 15, 2025 at 7:29 PM
Kamp 7: Manchester United 4-1 Athletic Club. United klarte sjølvsagt å gjera det litt spennande ein periode, men snudde og vann til slutt veldig komfortabelt. Ein kjekk kveld på Old Trafford.

Synd finalen så vidt eg veit aldri vart spelt.
June 15, 2025 at 7:24 PM
Kamp 6: U21: Manchester United 4-1 West Ham United. Tilbake til Leigh. God snuoperasjon, og fint at eg i det minste fekk sett éin United-siger mot West Ham på denne turen. Dette var jo merkeleg nok den viktigaste av dei òg.
June 15, 2025 at 7:19 PM
Kamp 5: Manchester United 2-2 Manchester City. United sikra Champions League-kvalifiseringsplass på bekostning av nettopp City! Hadde ikkje tru på det då United hamna to mål under, og heller ikkje etter at United fekk Mannion utvist like etter 2-2-målet.
June 15, 2025 at 7:15 PM
Kamp 4: Colchester Utd 0-0 Barrow. Serieavslutning på nivå fire, der ColU hadde ein bitteliten sjanse til å klara play off (det gjekk ikkje). Heilt OK plass å sjå fotball, men ikkje noko meir enn det. Min første 0-0-kamp sidan 16/10/22. Var på 99 kampar i England/Skottland/Wales utan 0-0 mellom der!
June 15, 2025 at 7:11 PM