Håkon
metrolinken.bsky.social
Håkon
@metrolinken.bsky.social
Interessen min for sprint har gått litt ned dei siste åra pga Klæbo, men no blir det jo ganske interessant.
December 13, 2025 at 4:05 PM
Verkar jo ikkje som eit usannsynleg utfall med ein andreplass i VM-gruppa, og med det ein kamp mot Elfenbeinskysten/Ecuador i 16. delsfinalen – og Brasil i potensiell åttandedelsfinale.

For ein kamp DET ville vore.
December 5, 2025 at 8:42 PM
Det er så trist at FIFA prøver så hardt på å vera morsomme og kule.
December 5, 2025 at 6:12 PM
Håpar definitivt på bortesiger i den pågåande kvalifiseringskampen, men Egersund må vel vera det mest skrytete namnet i norsk toppfotball?
November 26, 2025 at 5:39 PM
Reposted by Håkon
At NRK har rettighetene til cupfinalen for kvinner er en skam. Det er faktisk umulig å gjøre en dårligere jobb i promoteringen av den kampen, med mindre de har fått i oppgave å gjøre det hemmelig at den spilles i dag. Og det har vært revva så lenge jeg kan huske.
November 23, 2025 at 1:48 PM
Vurderte nesten litt å reisa til Fredrikstad på søndag for å sjå FFK-Viking, men 500 kroner tur/retur + kampbillett er litt for mykje for å reisa på ein fotballkamp det er andre som bryr seg mykje meir om.
November 21, 2025 at 8:19 PM
Heilt fascinerande å sjå på VG Live at dei gjentatte gonger må forklara til folk (folk som går rundt blant oss! Kanskje med jobbar og ansvar og barn og alt mogleg!) at ikkje Italia må vinna med 17 mål mot Norge når det skil 17 mål på målskilnaden.
November 13, 2025 at 9:53 PM
Vurderte to kampar i kveld langt nede i non-league (Wythenshawe-Ramsbottom og Cheadle Town-Chadderton), men droppa det etter å ha vore på jobboppdrag store delar av dagen.

Eg tenkte for meg sjølv at eg var ein tosk som droppa kamp, men begge kampane regna vekk i løpet av den første halvtimen.
November 11, 2025 at 8:50 PM
Eg har sett United-kvinnene scora elleve mål live denne sesongen.

Ti av dei måla er scora av norske spelarar.
November 3, 2025 at 9:38 AM
Heart of Midlothian 3-1 Celtic, og Hearts har no ei luke på åtte poeng ned til Celtic. Eg trur det jo fortsatt ikkje, men dette KAN faktisk vera sesongen at nokon andre enn Old Firm-laga vinn ligaen for første gong i mi levetid.

(Eller for første gong i Scott Brown si levetid, for den saks skuld.)
October 26, 2025 at 1:58 PM
Viss nokon tenkte at det ikkje var så nøye å få med seg dei første 12 minutta av Vålerenga-Brann, så bomma dei litt.
October 12, 2025 at 3:14 PM
Kva er den beste og mest oversiktlege kalendaren over kampar på spesifikke datoar (merk: ikkje berre f.eks. 14 dagar fram i tid) no som Soccerway har fjerna den funksjonen?

Sofascore gjer nytten (utan at eg har fått testa enno kor raskt dei oppdaterar ved endringar), men den er lite brukarvenleg.
October 1, 2025 at 11:42 AM
Ingen superfan (ei heller det motsette) av Steve Cotterill, men eg likar når folk er der dei høyrer heime, så det er triveleg at han er mannen Cheltenham Town no har henta inn. Cotterill vert rekna som tidenes Cheltenham-manager, og no startar jobben med å unngå eit nytt nedrykk til non-league.
September 30, 2025 at 9:39 AM
Godt Norge ikke lot seg frista til å vinna 10-0, for då pleier det vanlegvis å enda med at Norge ryk ut av gruppespelet i USA på surt vis.
September 9, 2025 at 8:26 PM
Var på Skeid-Sogndal i dag, mitt første besøk på Nordre Åsen. Ein ganske bra plass å sjå fotball, eigentleg – ok utsikt (Grefsen), fint publikum som støttar laget sitt sjølv når dei hamnar under 0-4, Jokke på høgtalaranlegget osv osv.
June 18, 2025 at 9:07 PM
Kraftig forsinka, men no følgjer bilda frå den siste fotballturen min i 2025/26-sesongen. Timinga var ikkje optimal mtp kampar, og det var dessverre få play off-kampar som eigentleg passa meg denne gongen, men det vart ni kampar på meg likevel.
June 15, 2025 at 6:52 PM
Eg håpa vel eigentleg på andre utfall i dei to første EFL-opprykksfinalane (sjølv om eg tykte det var heilt OK med Sunderland og Charlton òg!), men fekk definitivt viljen min med Wimbledon-opprykk i dag. Likevel lett å tykkja litt synd på Walsall òg etter ein heilt ekstrem kollaps.
May 26, 2025 at 4:00 PM
Fleire av mine beste fotballminner live har hatt McTominay som ein av hovudpersonane. Eg hata at han forsvann, men eg elskar at han får oppleva dette.
May 23, 2025 at 8:50 PM
Oldham smadra Halifax 4-0 i eliminasjonsrunden, og no i kveld vann dei 3-0 borte mot York City i play off-semifinalen, og er med det klare for opprykksfinalen. Dei har verkeleg vakna på rett tidspunkt! I finalen ventar enten Forest Green Rovers eller Southend United.
May 20, 2025 at 8:45 PM
Kjekt at det vert Walsall-Wimbledon i opprykksfinalen. Håpar Wimbledon vinn den, men tykkjer jo samtidig litt synd på Walsall om dei ikkje klarar dette opprykket etter den vanvittige vårkollapsen.
May 17, 2025 at 2:43 PM
I eliminasjonsrunden i National League så låg Southend United under med to mål borte mot Rochdale, men klarte å komma tilbake til 3-3, og i ekstraomgangane scora dei igjen. Forest Green-Southend i play off-semifinalen, altså.

Håpar Southend er gode nok til å vinna den òg.
May 15, 2025 at 9:43 PM
Kjekt med Charlton til opprykksfinalen. Ein klubb eg unnar eit opprykk, sjølv om eg kjem til å håpa på outsidaren Leyton Orient. Med Nathan Jones og Richie Wellens på sidelinja så bør det ikkje bli kjedeleg på Wembley. Om kampen blir det, så kan produsenten heller fokusera på sidelinja.
May 15, 2025 at 9:41 PM
Oldham smadra Halifax i kveld i eliminasjonsrunden, og den eine play off-semifinalen vert dermed York-Oldham. Den kampen vert spelt i York 20. mai. York var 23 poeng betre i ligaen, og har heimebanefordelen, men Oldham sin 4-0-siger viser forhåpentlegvis at dei har funne formen på rett tidspunkt.
May 14, 2025 at 9:55 PM
Vart ekstremt imponert då eg besøkte Leyton Orient i februar (like før dei gjekk på ei tapsrekke, rett nok), og då spesielt av min gamle akademifavoritt Ethan Galbraith. Fint at det var akkurat han som sendte Leyton Orient til Wembley! Går ut frå at han ikkje spelar på nivå tre uansett utfall der.
May 14, 2025 at 9:50 PM
Moro med Sunderland til Wembley (og for ein måte å gjera det på). Eg håpar for så vidt i utgangspunktet på Sheffield United i opprykksfinalen, men sidan Newcastle har blitt så kjipe dei siste åra, så blir det jo lettare å lika Sunderland godt. Storkoste meg på Stadium of Light då eg var der òg.
May 13, 2025 at 9:46 PM