Magnus
magloken.bsky.social
Magnus
@magloken.bsky.social
Lektor Rukla streikar.
November 27, 2025 at 1:59 PM
Ei stadig kjelde til underhaldning i ungdomstida mi var dette reklameskiltet, som har ein lett tilgjengeleg brytar som skrur lyset av og på.
November 26, 2025 at 9:45 PM
Var da fælt så basic nordmarkstur han skulle ta, denne P. Chr. Asbjørnsen. I tillegg til at han kunne ha teke bussen til Hammeren og spart mange timar.
November 24, 2025 at 11:53 PM
Dagens tur gjekk frå Solemskogen til Årvoll via Linderudseter, der det ein gong låg ei seter. Det var tendensar til utsikt der.
November 22, 2025 at 2:37 PM
Elles har eg kjøpt ein signert Thure Erik Lund-roman (Elvestengfolket).
November 20, 2025 at 7:01 PM
Og så er det ting som berre er on brand.
November 19, 2025 at 9:48 PM
Eg har funne att epostar om gamle Itslearning-varsel frå da eg sjølv gjekk på Vg1, og eg trur eg skal gjenbruke denne oppgåveinstruksen.
November 19, 2025 at 9:13 PM
Ueinig. Tynset rådhus er mykje vakrare.
November 17, 2025 at 3:21 PM
Sjekk ut denne rå Tynset-stickeren eg kjøpte tidlegare i haust!
November 17, 2025 at 3:03 PM
I Jakob Breda Bull og Hjalmar Bulls bygdebok for Øvre Rendalen frå 1940 (ajourført til ca. 1933) står det om den sjuande i søskenflokken: "Ottar (f. 1911) er i Rusland".

Til høgre eit bilete av norske skogsarbeidarar i ein ferieheim ved Dvina, med raud ring omkring Ottar.
November 17, 2025 at 12:34 PM
Dette er Brakka.
Plassen ligg midt mellom Øvre Rendal og Hanestad, ca. 670 moh. På 1870-talet vart det sett opp ei kvilebu for vegarbeidarar her, og seinare vart det eit fullverdig småbruk. Her budde Olaus Østlund frå Värmland og kona Bertoline (f. Hanestad), som til saman fekk 13 barn.
November 17, 2025 at 12:17 PM
Boka heiter Så seile vi på Mjøsa og andre viser. Teksten er her:
November 15, 2025 at 8:11 PM
Heile visa læt omtrent slik.
November 15, 2025 at 4:53 PM
Eg trur vi jublar for tidleg no. Dette er framleis mogleg å rote bort.
November 13, 2025 at 6:56 PM
16 år gamle Arne Bolstad skriv til Wittgenstein i 1915:

«du har det vel fint nu som vanleg. du gjer vel ingenting.»
November 8, 2025 at 11:12 PM
Tenk at Ludwig Wittgenstein har fått brev på nynorsk frå nokre ganske vanlege sogningar.
November 8, 2025 at 4:52 PM
Men eg har fått denne flotte avstøypinga av tennene mine! Ikkje at eg heilt veit kva eg skal med ei avstøyping av tennene mine.
November 6, 2025 at 7:28 PM
Byrja å lure på korleis det gjekk med hesten. Garborg hadde ikkje Blakken i stort meir enn eit halvt år før hesten brakk eit bein og vart avliva. www.nb.no/items/1914eb...
November 5, 2025 at 8:08 PM
41. Eidsberg kommune (1838-2020)

Eit avrive bjørnehovud i svart på ein botn av gull.
November 3, 2025 at 10:56 AM
40. Granvin _herad_ (1891-2020)
November 3, 2025 at 10:25 AM
39. Fusa kommune (1855-2020)
November 3, 2025 at 10:25 AM
No i ettermiddag var lyset ved Mjøsa veldig fint!
November 2, 2025 at 3:43 PM
Eg ser at DNT stenger nokre turisthytter og legg ned turstiar for å verne villreinen på Hardangervidda og i Ryfylke- og Setesdalsheiene.

Forhåpentleg kan det trekke fleire fotturistar til vakre Elverum Finnskog! Den flotte koia Løvknuten på biletet har under 10 overnattingar i året.
October 30, 2025 at 10:19 PM
Hadde ikkje venta å møte så sterk norsk representasjon i ein roman om Stalins terror (The Case of Comrade Tulayev av Victor Serge). Her møter vi ein karakter som har portrett av både Ibsen og Hamsun på rommet sitt.
October 28, 2025 at 4:17 PM
Eg hadde venta eit altarbilete med noko skikkeleg Jesus-kitsch, men her var det nokre flotte glasmåleri i tillegg.
October 25, 2025 at 4:58 PM