FreddyBS
banner
freddybs.bsky.social
FreddyBS
@freddybs.bsky.social
Han der frå Breim. Bookar alle band til Norsk Countrytreff på fritida. Jobbar resten av dei 16 vekene i året. Kjenner kanskje mor di.
At det skal gå an å sakne eit lite menneske så inderleg..
November 27, 2025 at 10:11 PM
Heilt sidan eg høyrde Joshua Ray Walker i 2019, har eg hatt lyst til å hente han til Breim og Norsk Countrytreff. Det hjalp ikkje veldig mykje på at @egonholstad.bsky.social tok sats og serverte tidenes rekkeseksar...

Men at det skulle gå 7 år, litt kreftbehandling og whatnot..

'Effing endelig!
November 21, 2025 at 8:36 PM
I took a heavenly ride through our silence
I knew the moment had arrived
For killing the past and coming back to life

Som 'an sa, han Gilmour
November 21, 2025 at 5:01 PM
Den svartaste tida i livet mitt har vore mellom 3.november klokka 16:30 til uendeleg, og den som seier at sorga gjer deg sterkare berre lyg, for den gjer deg berre hardare og lettare å knuse.

13 år. Det er ikkje humant, dette her. Fy faen.
November 6, 2025 at 10:48 PM
Ser at FrP ønskjer å få mobbing ut av skulane, og at bøllene ikkje skal få regjere i skulegarden. Prisverdig forslag frå partiet som er hardast på økenamn og merkelappar på sine politiske motstandarar.
November 3, 2025 at 1:34 PM
I dag er det 2 månader att til 2.januar.
November 2, 2025 at 8:09 AM
Om eg avslører at i Gloppen heiter det "ikønj", er det då greit å skyte dei for skytetreninga si skuld?
November 1, 2025 at 9:30 PM
Utfordra alle kidsa som kom på døra i dag til å fortelle kva knep dei ville dratt om eg nekta dei godteri, og eg har blitt lova pryl, knust rute og tramping på tunet, så eg tenkjer at det er greit at dei har fått eit bidrag til sukkersjokk i staden.
October 31, 2025 at 11:16 PM
Det renner på.. 👀
October 31, 2025 at 8:41 PM
Homey og sensorar er kjekt på Halloween. 🤓
October 31, 2025 at 4:30 PM
Dette blir faktisk jækla stas!
October 31, 2025 at 9:48 AM
Ja, men du må sjølv kjøpe ei kasse å ha dei i.
October 30, 2025 at 9:09 PM
Dette biletet har eg kalla "Josh Turner & The Pink Jesus".
October 30, 2025 at 7:18 PM
Det er snålt å tenke på at sidan eg hadde ei dårleg magekjensle i dag tidleg, og avslutta morgenshuttle grunna gradvis dårlegare vêr, så bestemte ei helivakt på ei naboplattform seg for å gå til medisinsk og ta influensavaksine, og snubla over ein mann med hjartestans, som no er i live på sjukehus.
October 25, 2025 at 4:54 PM
Hm.. Det er "Sticy svin" til middag i kveld, og no er eg usikker på om det er "Spicy" eller "Sticky" vi får.. 👀
October 24, 2025 at 2:06 PM
Vi har vel alle ein LFC-supporter på Snapchat som det er ganske stille frå i kveld.
October 19, 2025 at 5:37 PM
"Oktoberfest" på jobben i dag. Cateringen har bytta ut indrefilet med pølser og snitzel.

Eg byttar snart arbeidsgjevar.
October 18, 2025 at 3:20 PM
«Definisjonen på galskap er å gjere det same om og om igjen og forvente ulike resultat» sa aldri Einstein.

Men det er nok i hovudsak fordi han ikkje reiste via Oslo Lufthamn Gardermoen og fekk standardbehandlinga der.

Eg er i alle fall i Stavanger. Utan bagasje. Igjen.
October 15, 2025 at 7:42 PM
Eg har eit forslag til innsparing på Stad skipstunnel. Det er jo berre å lage holet smalare!
October 14, 2025 at 9:17 PM
2.-11.oktober - VM i vektløfting i Førde. 39 verdsrekordar, 800 frivillige, regn, storm, deltakarar frå 100 nasjonar, har møtt ferske OL- og VM-gullvinnarar, pludra med 3 x OL-gullvinnarar, blitt invitert til Buenos Aires, snakka med folk eg ikkje har sett på 30 år, og heia litt på lokale talent.
October 11, 2025 at 7:56 PM
Har nokon dratt vitsen "NusaBobb" endå..?
October 11, 2025 at 5:28 PM
Syns han der Haaland ser litt oppskrytt ut, eg.
October 11, 2025 at 4:06 PM
Har nokon sjekka kontobevegelsane til Asle Toje?
October 11, 2025 at 3:44 PM
Finale i MGP Nobel Peace Price om kkt, folkens!
October 10, 2025 at 8:58 AM
Men kor mykje kan Høgre spare på å legge ned Civita..?
October 9, 2025 at 9:33 PM