FreddyBS
banner
freddybs.bsky.social
FreddyBS
@freddybs.bsky.social
Han der frå Breim. Bookar alle band til Norsk Countrytreff på fritida. Jobbar resten av dei 16 vekene i året. Kjenner kanskje mor di. Treng pengar til nytt hår.
Kommunedirektøren i Gloppen har nett definert cruiseturisme på topp i framlegget til "Tiltaksplan 2026 for næringsutvikling i Gloppen".

Samstundes er det meldt inn to - 2 - cruisebåtbesøk på Gloppefjorden i 2026.

Det er neiggu ikkje rart at kommunen ryggar inn i framtida.
January 18, 2026 at 6:59 PM
Whitey Morgan and the 78's ✅
Emily Ann Roberts ✅
Joshua Ray Walker ✅
Alex Miller ✅
Joni Harms ✅
Olivia Harms ✅
Rose's Pawn Shop ✅
Jay Smith ✅
Willy Clay Band ✅
The Bays Mountain Cut-ups ✅

Utlendingane stiller sterkt på Norsk Countrytreff i år.

Igjen.
January 16, 2026 at 9:47 PM
Hei Vy, eg ser ditt "Buss for tog" og høynar med..
January 8, 2026 at 1:26 PM
Kona før jul: "Skal du montere opp juletretoget ditt i år, eller?"

Kona i jula:"KAN DU SLUTTE Å SETTE I GANG DET JÆVLA JULETRETOGET DITT, ELLER?!"

Eller, altså. Berre eg som ikkje forstår at det faktisk betyr "ikkje gjer det, er du grei.." Men sånn elles er alt ved det normale. Eller..
January 8, 2026 at 12:56 PM
Hei. Eg er ein orangutang av ein multimega bedriftseigar som kjem til å ta alle dei dyrebare ressursane du har under madrassa di og selge dei til inntekt for deg, og du skal kjøpe alle tinga du treng av meg for pengane eg tvingar deg til å få inn via meg, slik at eg får alt. Takk meg, verda.
January 8, 2026 at 9:23 AM
Berre for å vere annoying har eg vore innom på Skatteetaten 50 gangar i dag for å søke om å få sletta studiegjelda mi..

Studiegjelda mi er 0.

Studiepoenga mine er vel også 0, når eg tenker meg om.

Heiter det studiepoeng, forresten?
January 6, 2026 at 4:42 PM
Ser ut til at nyttårsønsket mitt om ingen personlege og dermed kun kriser på det internasjonale plan og kanskje bittelitt i kommuneøkonomien held endå, i alle fall..
January 3, 2026 at 10:30 AM
Skal sjå at Maduro endar opp som golfcaddie på Mar-a-Lago..
January 3, 2026 at 9:40 AM
Ein veldig viktig ting som eg føler har blitt veldig underkommunisert til no er at i dag er siste dagen i 2025 der det er lov å ete sjokolade.
December 31, 2025 at 9:25 AM
Siste finpuss på minneordet til søster'n er gjort. No er det berre å håpe på at dressen passar i morgon, og få gjort unna siste krampetaket i 2025 - slik at eg kan møte 2026 i fosterstilling med tommelen i munnen. Som seg hør og bør.
December 29, 2025 at 9:17 PM
Jeje.. Då er det endeleg vår tur til å starte på julegåvene. Fatter'n har havna på sjukehus med beskjed om at "dei neste timane vil vere kritiske", så jula 2025 kan vel offisielt kallast JulaFråHelvete i ÅretFråHelvete. Eg kan snart ikkje anna enn å le av heile galskapen, men fatter'n er seig.
December 24, 2025 at 10:34 PM
Kall meg gjerne Grinchen, men Sølvguttene treff meg midt der ryggen deler seg, og det er eit umenneskeleg gnål å bli utsatt for når det er absolutt mot eins eigen vilje..
December 24, 2025 at 4:35 PM
«Eg har det bra», seier eg medan eg smiler med tenner som nesten knuser kvarandre av presset eg bit kjevane saman med.

«Eg har det bra», seier eg medan eg låser døra til kjenslene mine.

«Eg har det bra», seier eg medan eg rettar ryggen rak og skyv haka fram i håp om at du dreg til meg - hardt.
December 24, 2025 at 12:18 AM
Har reinska chili med fingrane, og må sove med kontaktlinser i natt..
December 23, 2025 at 7:53 PM
Lurer litt på kor lenge Watchbird greier å strekke levetida si som "stridsdyktig" selskap no.. Greier dei det til 1.januar, tru..?

www.vg.no/nyheter/i/Ar...
Viser frem supersensor for soldater – er egentlig til barnehagebruk
Sensor-firma sier maske-selskapet Watchbird har tatt deres enhet: – Det er vi som har laget det, sier daglig leder Bjørn Furu.
www.vg.no
December 22, 2025 at 6:16 AM
Eg må ha vore Pol Pot eller Hitler i mitt førre liv.. 3.november døyr 13-åringen min av hjartestans, og 16.desember døyr storesøstera mi av hjartestans, og no er det så jævla nok... 💔💔
December 16, 2025 at 9:53 PM
Amad.

Det er heilt fantastisk korleis kommentatorar kan skryte av denne mannen.. Han er like effektiv som å ause båt med gaffel.
Ein enklare måte å stave "ineffektiv" er å berre skrive Amad.
December 15, 2025 at 9:23 PM
Har hatt Erlend Gunstveit på besøk i 2 dagar no, og sei kva du vil men den mannen kan pokker ta meg synge...
December 14, 2025 at 9:29 PM
Opp i all elendigheita for tida, så hadde eg ein introduksjonsdag på Sunnfjord Museum i dag. Trur det skal bli litt godt sånn mentalt å få litt andre ting å tenke på framover... Virkar å vere ein veldig fin gjeng å bruke tid saman med.
December 11, 2025 at 5:33 PM
Bra mykje fokus på sjukehusøkonomi og det at folk ikkje møter til timen sin, men 21-åringen fekk nett ei rekning på 1600,- for å ikkje å ha møtt til spesialisttime, der det viser seg at det IKKJE var sendt ut informasjon om at ho var tildelt time.. Verken pr. papir eller digitalt. 😑
December 10, 2025 at 7:28 PM
Sit og lokar inne på Martin si gitarside, og finn Martin D-300. Ein gitar som kostar 300.000 USD, og som ser ut som at ein barnehage har fingermåla på den. Men det aller beste er at Martin vil ha folk til å tru at dei (29 galningane) som kjøpte den, også kjøpte 5 av dei rimelegaste modellane...
December 10, 2025 at 6:13 PM
Å få ei oppslutning på nesten 28% og sikre fleirtal for borgerleg side 3 månader etter valet er litt som å score hattrick og sikre 3 poeng i ein treningskamp etter at det er kåra ein vinnar i det VM'et du ikkje greidde kvalifisere deg til. Just sayin'..
December 10, 2025 at 5:41 AM
Ein enklare måte å stave "ineffektiv" er å berre skrive Amad.
December 8, 2025 at 9:37 PM
Skulle ønske Ole Erevik snakka meir framfor å rope.. Ikkje det at eg ser på, men eg sit berre 8 meter frå tv'en, og kona vil absolutt sjå håndball.
December 8, 2025 at 7:15 PM
Julekulturell Skulesekk-Bergen-Bluesky, meld dykk. Eg har to billettar til Didrik Solli-Tangen i Grieghallen 19.desember eg skulle blitt kvitt.
December 7, 2025 at 5:34 PM