Per Gunnar Sætre
banner
bandanders.bsky.social
Per Gunnar Sætre
@bandanders.bsky.social
Ingen ting kan vekse uendeleg i ei endeleg verd. Om du overtyder meg om at du spør i god tru, svarer eg gjerne.
Alt dei blåblå treng: Journalistikken til Nettavisen.
November 20, 2025 at 2:33 PM
Den første bordercolliekvelpen vi hadde hadde sansen for mangt og mykje. Mellom anna eit ekstremt variert kosthald. Dette ber kokeboka preg av.

Boka var lærebok på "husmorskulen" i 1980 og har vore mi redningsbøye ved kjøkenbenken.

Nokon som veit om ei nokunlunde heil bok som er til sals?
November 20, 2025 at 6:57 AM
Råkostsalat hadde eg til middagen i dag. Eller, kor mange tiår er det sidan noko heitte råkostsalat?
November 19, 2025 at 3:02 PM
Når normaltemperatur vert "kuldesjokk".
November 19, 2025 at 12:50 PM
Å få lov å vere mann handlar ikkje om å få lov å vere dritsekk.

Helsing ein som prøver så godt han kan å vere ein OK fyr.
November 19, 2025 at 6:44 AM
EU-direktiva seier at alle bustader skal vere "nullutslepps" innan 2050.

Samstundes eksploderer salet av utandørs boblebad med opptil 40 kW varmeelement.

Sikkert ein del av opptrappingsplanen.
November 18, 2025 at 8:58 AM
Slik stoda er, er det bra om det i det heile vert arrangert fotball-VM både i Mexico, Canada og USA neste år.
November 17, 2025 at 5:51 AM
Han kjøpte alltid skorne sine litt for store - så hadde han litt å gå på.
November 16, 2025 at 8:55 PM
Fekk skine til slutt.
November 16, 2025 at 7:39 AM
"Musik skall byggas utav glädje", ikkje av KI.
November 14, 2025 at 4:11 PM
Holet i det tunge grå
November 14, 2025 at 2:12 PM
Legg hen i den boksen, case closed.
November 14, 2025 at 6:26 AM
Redirecting...
www.facebook.com
November 13, 2025 at 4:22 PM
"Vi får til mer sammen enn hver for oss"

Det er vel difor dei ikkje fylgjer nokon her inne, då...
November 13, 2025 at 10:06 AM
Uansett, slik ting utviklar seg, er eg jammen ikkje sikkert at kvalifiseringa vert trangaste flaskehalsen med omsyn på VM-spel i USA.

Berre å pakke USA-kofferten liksom😉
November 13, 2025 at 8:19 AM
I Dagsnytt no kl 6 omsette dei Trump si fragmenterte babling i samband med gjenåpninga til noko som kunne minne om samanhengande språk. Spørs om ikkje NRK vert saksøkte no.
November 13, 2025 at 5:11 AM
"nesten alle tek feil"
November 12, 2025 at 6:14 PM
Ein kort tråd om ei svinnande interesse for fotball og hukommelse.

I fotball-VM i 1970, 1974 og 1978 såg eg nesten alle kampane som vart vist på norsk fjernsyn. I 1978 i fargar. I denne perioden såg eg bortimot alt som vart sendt av fotball på TV. Sidan har det blitt mindre og mindre.
November 12, 2025 at 6:46 AM
@kvignes.bsky.social gjev alle desse ungdomsskulelærarane som må vere med elevane sine hit på yrkesfag på hospitering og "Open dag" ei stemme. Men vi prøver no så godt vi kan.
Som lærar må ein av og til gjere ting ein ikkje vil. Skidag. Foreldredag. Tørke opp spy. Slike ting. Og i dag: Rulling med Russen i regi av ✨kommunen✨ me held til i. Ein tråd.
November 11, 2025 at 8:38 AM
Dan Tyminski. Etter det eg veit, må han nærast vere definisjonen på upretensiøs.

www.facebook.com/share/r/1ZSF...
Redirecting...
www.facebook.com
November 11, 2025 at 6:52 AM
Det er tid for lysfestar. To sortar. For kjøpefestar og mot budsjettkutt. Og om 3 vekar er det 1. søndag i advent.
November 11, 2025 at 5:51 AM
Nitrit er skadeleg, bearbeida kjøt er skadeleg og inneheld ofte nitrit. Men er det kjøtet, bearbeidinga eller nitriten?
November 10, 2025 at 6:54 AM
Det hsr vore så mykje botox i Dagsrerevyen i kveld. No lurer eg på om alle slappe overleppene vil endre det norske språket.
November 8, 2025 at 6:38 PM
Eivor Andersen Oftestad har ein fin kommentar i Vårt Land frå i går med overskrifta "Ta virkeligheten tilbake"

Så mange influensarar, og slik har det blitt...
November 8, 2025 at 7:28 AM
Ufiltrert novembermorgon
November 8, 2025 at 7:06 AM