Anders Totland
anderstotland.bsky.social
Anders Totland
@anderstotland.bsky.social
Skrønemakar.
No er lydserien min ute hos Fabel. Første sesong i Katastrofedagbøkene har fått tittelen Hamstertrøbbel, og er basert på eit heilt ekte problem: Folk som gravlegg hamsteren sin når han ikkje er død, men i dvale. Spennande og morosam forteljing for barn. fabel.no/sjangere/bar...
November 8, 2025 at 11:16 AM
Dette har eg gledd meg til å fortelja om. Eg har skrive ein heilt ny serie for barn som kjem direkte som lydforteljing på Fabel i haust, i samarbeid med eit skikkeleg stjernelag. Frank Kjosås har alt vore i studio for å lesa inn, og omslaget er laga av Bård Sletvold Torkildsen.
September 29, 2025 at 7:13 AM
Tiåringen blei litt skeptisk då eg ropte frå badet at ho måtte komma og filma meg. Sjølv her i heimen er ikkje det nett kvardagskost. Men i alle fall: Her fortal pappa på dass om Mamma på dass. Bestill gjerne boka her: bok.norli.no/mamma-paa-dass
February 2, 2025 at 4:21 PM
Morten Svartveit er nominert til Storytel Awards - Den norske lydbokprisen for innlesinga av Vintertonar. Det synes eg er skikkeleg stas, og ikkje minst velfortent. Klikk deg gjerne inn og gje han ei stemme. Og høyr lydboka, om du ikkje alt har gjort det. awards.storytel.com/no/?award-ca...
January 28, 2025 at 3:45 PM
Ny bok, nytt forfattarportrett. bok.norli.no/mamma-paa-dass
January 11, 2025 at 6:19 PM
Ny bok kjem snart! Ganske sikker på at dette er den gøyaste boka eg nokon gong har skrive. Svært nøgd med omslaget, som er laga av Christoffer Grav. bok.norli.no/mamma-paa-dass
January 10, 2025 at 10:38 AM
Hadde Odd Nerdrum fått ei dotter her, hadde han garantert kalla henne Skitur. Årets første. Rimeleg fint.
January 3, 2025 at 9:42 PM
Gjennom heile desember har eg insistert på at eg ikkje ønsker meg noko til jul. Men der tok eg feil. Tenk så fint å bu med nokon som kjenner meg betre enn det eg gjer sjølv. Bordtennis i stova? Heilt perfekt.
December 25, 2024 at 1:32 PM
Berre ein liten snutt med piano, trøorgel og melodika for å komma i stemning til advent og sånn. Værsågod.
December 8, 2024 at 7:46 PM
Her leverer feeden.
December 6, 2024 at 7:12 AM
Har ikkje tenkt å fylla feeden med salstilbod, men viss du kjenner nokon som kunne hatt godt av litt "velskrevet, Tarantino- og Fargo-beslektet gladvold, lettbeint og uforpliktende moro" (for å sitera Stavanger Aftenblad), kan du no bestilla den andre Jacob Juul-boka med personleg helsing hos Norli.
November 26, 2024 at 10:21 AM
Valdres leverer. Ein av kveldane hadde biblioteket hyrt inn Synvis og Skattebu for å varma opp publikum før bokpraten. Det var skikkeleg fint. Og så fekk eg jammen bli med å spela pittelitt før dei gjekk av scenen. Dessutan stilte mållaget med kake. Slike kveldar gjer godt i haustmørket.
November 22, 2024 at 7:06 AM
Scandic har no funne på eit heilt nytt konsept der dei serverer gjestene både mat og drikke. Dette kjem til å endra absolutt alt.
November 20, 2024 at 2:18 PM
No får du bestilt alle mine tre mest aktuelle julegåvebøker med personleg helsing hos Norli. Klikk deg inn på nettsidene og bestill bøkene der, så ordnar eg signatur og alt du vil ha i god tid før jul. Om du vil ha ei lang og kronglete helsing til nokon? Send meg ei melding, så fiksar eg det.
November 20, 2024 at 1:50 PM