Anders Totland
anderstotland.bsky.social
Anders Totland
@anderstotland.bsky.social
Skrønemakar.
No er lydserien min ute hos Fabel. Første sesong i Katastrofedagbøkene har fått tittelen Hamstertrøbbel, og er basert på eit heilt ekte problem: Folk som gravlegg hamsteren sin når han ikkje er død, men i dvale. Spennande og morosam forteljing for barn. fabel.no/sjangere/bar...
November 8, 2025 at 11:16 AM
Dette har eg gledd meg til å fortelja om. Eg har skrive ein heilt ny serie for barn som kjem direkte som lydforteljing på Fabel i haust, i samarbeid med eit skikkeleg stjernelag. Frank Kjosås har alt vore i studio for å lesa inn, og omslaget er laga av Bård Sletvold Torkildsen.
September 29, 2025 at 7:13 AM
Har blitt intervjua om årets flauaste barnebok. Journalisten og eg var fint einige om at dette truleg er den einaste boka som både inneheld uttrykka "å salige såpekokar!" og "MILF". framtidajunior.no/2025/04/04/a...
Anders Totland: – Tenk om barna mine tar hemn? - Framtidajunior.no
Mamma på dass er namnet på boka, og ho handlar om ei jente og ein gut som nettopp har blitt tretten. Det betyr at dei endeleg kan laste ned og skape brukarar for sosiale medium. Låg på sofaen då tanke...
framtidajunior.no
April 4, 2025 at 8:34 AM
Ganske ofte føler eg meg litt underpynta når eg går på kulturarrangement i islender, bustesveis og litt for langt skjegg. Men på kveldens bokprat med @audunlysbakken.bsky.social i regi av Sortland SV glei eg rett inn i forsamlinga. Nesten som ein slags kamuflasje.
April 2, 2025 at 9:18 PM
No får du Gunnars rekordbok på tilbod for aller første gong. Rett og slett eit røvarkjøp. www.norli.no/boker/barneb...
Norli Bokhandel
www.norli.no
March 22, 2025 at 9:36 AM
Narvik arrangerer denne veka landets største samling for godt vaksne folk som driv med Gubben og katten-cosplay.
March 18, 2025 at 8:59 PM
Reposted by Anders Totland
Mitt tips: kjøp den til en 12-åring du kjenner. Nynorsk og alt!
March 13, 2025 at 4:54 PM
Reposted by Anders Totland
Var heldig og fikk bok i posten fra @anderstotland.bsky.social i dag. Den er et regelrett drap på foreldre som har delt for mye av barna i sosiale medier, sett gjennom øynene til Ella som får seg sosiale medier på 13-årsdagen og oppdager hva moren hennes har holdt på med i årevis. Fornøyelig lesing.
March 13, 2025 at 4:53 PM
Tuva Åserud frå avisa Sunnhordland har vore med meg på skulebesøk, og har laga ein skikkeleg fin reportasje som får veldig godt fram kva det er eg driv med når det står DKS på timeplanen. Tusen takk!

(Kjærasten i 7. klasse er forresten lærar, om nokon skulle lura.)
Forfattar @anderstotland.bsky.social fortel at han har ein unge i 5. klasse, ein i 8. klasse og ein i 10. klasse.
– Også har eg ein kjærast i 7. klasse!
(+) Elevane fekk ein skule­time utanom det vanlege
Lokalavis for Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes og Kvinnherad.
www.sunnhordland.no
February 23, 2025 at 6:09 PM
Tiåringen blei litt skeptisk då eg ropte frå badet at ho måtte komma og filma meg. Sjølv her i heimen er ikkje det nett kvardagskost. Men i alle fall: Her fortal pappa på dass om Mamma på dass. Bestill gjerne boka her: bok.norli.no/mamma-paa-dass
February 2, 2025 at 4:21 PM
Morten Svartveit er nominert til Storytel Awards - Den norske lydbokprisen for innlesinga av Vintertonar. Det synes eg er skikkeleg stas, og ikkje minst velfortent. Klikk deg gjerne inn og gje han ei stemme. Og høyr lydboka, om du ikkje alt har gjort det. awards.storytel.com/no/?award-ca...
January 28, 2025 at 3:45 PM
Når eg ser på fredags-TV at barnebarnet til Arnold Børud velger niesa til Bjarte Leithaug som mentor i The Voice, og prøver å forklara greia til tiåringen i sofaen attmed meg, føler eg at eg kanskje har fått maksimalt ut av den litt rare kulturelle bagasjen frå barndommen.
January 24, 2025 at 8:30 PM
Noko av det finaste med å besøka den same vidaregåande skulen fleire dagar etter kvarandre, er kjensla av å gå rundt i gangane og møta hundrevis av ungdommar som smiler varmt og helsar. Nokon stoppar opp og takkar for showet eller foredraget, men dei aller fleste berre smiler. Det er skikkeleg fint.
January 17, 2025 at 6:18 AM
Ny bok, nytt forfattarportrett. bok.norli.no/mamma-paa-dass
January 11, 2025 at 6:19 PM
Ny bok kjem snart! Ganske sikker på at dette er den gøyaste boka eg nokon gong har skrive. Svært nøgd med omslaget, som er laga av Christoffer Grav. bok.norli.no/mamma-paa-dass
January 10, 2025 at 10:38 AM
Hadde Odd Nerdrum fått ei dotter her, hadde han garantert kalla henne Skitur. Årets første. Rimeleg fint.
January 3, 2025 at 9:42 PM
Starta året med varm badstove og iskald bading i sjøen under nordlyset. Herfrå kan det berre gå nedover.
January 1, 2025 at 8:35 PM
Gjennom heile desember har eg insistert på at eg ikkje ønsker meg noko til jul. Men der tok eg feil. Tenk så fint å bu med nokon som kjenner meg betre enn det eg gjer sjølv. Bordtennis i stova? Heilt perfekt.
December 25, 2024 at 1:32 PM
Berre ein liten snutt med piano, trøorgel og melodika for å komma i stemning til advent og sånn. Værsågod.
December 8, 2024 at 7:46 PM
Her leverer feeden.
December 6, 2024 at 7:12 AM
Startar dagen med tidleg ferjetur for å møta barneskuleelevar på Tysnes og Hatlestrand, og avsluttar med ein liten gjesteopptreden på julekonsertane til barnekoret Perlene på Halsnøy i kveld. Det er i grunn ein ganske fin kvardag, dette her.
December 4, 2024 at 6:47 AM
Fekk plutseleg tak i billett til Shockheaded Peter, så no tar eg rett og slett på meg min finaste islender og tar meg ein tur på teater.
November 27, 2024 at 6:14 PM
Skal arrangera trøorgelførjulskonsert på biblioteket saman med ein skikkeleg flink vokalist som jobbar der, om nokre veker, og skulle gjerne hatt forslag til songar som kanskje er litt utanom det vanlege juleradiogreiene. Stikkorda er låge skuldrer og god stemning, pause frå alt kavet. Fyr laus!
November 26, 2024 at 2:14 PM
Har ikkje tenkt å fylla feeden med salstilbod, men viss du kjenner nokon som kunne hatt godt av litt "velskrevet, Tarantino- og Fargo-beslektet gladvold, lettbeint og uforpliktende moro" (for å sitera Stavanger Aftenblad), kan du no bestilla den andre Jacob Juul-boka med personleg helsing hos Norli.
November 26, 2024 at 10:21 AM
Siste reiseveke før jul. Avsluttar sesongen i Bergen. Starta med å møta tre fine skuleklassar, og ei gammal dame med paraply som bles over ende i sentrum. Rett inn i ein vegg og nesten i bakken før ho klarte å reisa seg. Då eg spurde om det gjekk bra, heldt ho på å le seg i hel. Kul, gammal dame.
November 25, 2024 at 12:29 PM