Ingjerd
ingjerd.bsky.social
Ingjerd
@ingjerd.bsky.social
Fyrst og fremst tante, dernest medmenneske, stortingsreferent og Viking-supporter.
Reposted by Ingjerd
"international law must be followed" is european for "thoughts and prayers"
January 3, 2026 at 2:08 PM
Mor mi, som er pensjonist, var i overkant ivrig etter å ta på seg ekstravakt i kveld og i morgon, så lurar på om ho er litt lei av å ha meg på julebesøk. #juliheimen
January 2, 2026 at 9:54 PM
I årets sesong av Mesternes Mester kommenterer nokon kor god gjeng dei har blitt, allereie før dei flytta inn i huset. Det må vera ny rekord.
January 1, 2026 at 7:19 PM
Ingjerd (42 år) kan dessverre ikkje koma på jobb i morgon, fordi ho skada albogen sin då ho hadde kappløp på akebrett ned låvebrua med tanteunge (6 år).
January 1, 2026 at 6:45 PM
Føler eg går i barndommen når eg er på ferie heime hos foreldra mine — ungar kjem på døra og spør om eg vil koma ut og leika, mamma ropar meg inn når det er middag.
January 1, 2026 at 6:17 PM
Korleis romjula går? Vel, trur akkurat eg blei gjort arvelaus etter å ha påpeika eit (ufrivillig) regelbrot av pappa og så direkte etterpå knusa han i kortspelet. #juliheimen
December 30, 2025 at 7:30 PM
Føler meg sjeldan så gamal som når eg klagar over at Julenøtter var mykje betre før i tida. #juliheimen
December 28, 2025 at 6:47 PM
Det var tilløp til dramatikk då tanteungen på 6 år plutseleg mista framtanna midt under julegrauten, men heldigvis landa ho ikkje i grautskåla. #juliheimen
December 23, 2025 at 4:11 PM
Ei utfordring med å ha heimekontor hos foreldra mine er den tilsynelatande endelause tilgangen på julekaker. #juliheimen
December 22, 2025 at 10:32 AM
Som følgje av fleire mindre suksessfulle gåver, pleier pappa alltid å ringa meg tidleg i desember for å høyra kva han skal gje mor mi til jul, og om eg kan ordna det for han.

Det er 14. desember, og han har ikkje ringt enno, så no er eg ekstremt spent på kva som ligg under treet på julaftan.
December 14, 2025 at 4:07 PM
Fastlegen min starta med å seia han var glad eg kom innom før nyttår, så han fekk gratulert meg med seriegullet, og så starta han ein større diskusjon om norsk fotball. Fekk litt helsehjelp òg.
December 11, 2025 at 11:49 AM
Såg "Sagaen om Isfolket" på Nationaltheatret i går kveld og slit framleis med å finna orda for verkeleg å få formidla kor ekstremt dårleg det var på alle vis (og eg er positivt innstilt til bokserien).
December 9, 2025 at 7:18 PM
Det er litt upraktisk når gullfeber og potensiell regjeringskrise skjer samtidig, for eg har ikkje hatt kapasitet til å følgja med på begge delar, men eg går berre ut frå at det er statsminister Zlatko Tripić som møter i Stortingets spørjetime i morgon?
December 2, 2025 at 6:09 PM
Sikkert teikn på at det er litt spesielle tider: Snakka fotball heller enn politikk med Lars Nehru Sand då eg møtte han på jobb.
November 26, 2025 at 3:40 PM
Nei, eg har ikkje inntrykk av at fotball er hennar sterkaste side.
November 18, 2025 at 6:46 AM
Er invitert i eit dame-rakfisklag i dag, men er litt bekymra for at dei ikkje er like interesserte i finalen i Rogalandscupen som eg er. Klarar min moderklubb Tonstad å slå byggefeltet Bogafjell? Blir Daniel Tjørhom toppskårar? Blir det banestorming frå ordføraren?
November 15, 2025 at 1:04 PM
Reposted by Ingjerd
God morgon og hjarteleg velkomen til det alle utan tvil har venta på, nemleg den store kåringa av dei beste klubblogoane i Rogaland fotballkrets! Her er ingen plass for Bryne (globus oppå gigantisk salatblad) eller Viking (hatten til fugledama i Home Alone II), men derimot ti andre klassikarar! 🧵
October 31, 2025 at 7:15 AM
Kor blei det av ho i alt mylderet?
October 30, 2025 at 8:38 AM
Det er når ein tilsett i stortingsrestauranten ropar "Der kjem ho! Me har venta på deg i heile dag!" at du forstår at du kanskje har eit usunt forhold til deira chili con carne.
October 22, 2025 at 11:30 AM
Usikker på om eg nokon gong har høyrt ein podkast som har gjort like språkleg vondt som vekas episode av Spiss Vinkel.
October 20, 2025 at 3:36 PM
Reposted by Ingjerd
Dette er Aftenpostens prioritering: 20 frigitte israelere får fire sider, inkludert hele forsiden. Bilde av samtlige. De er individer. 1700 frigitte palestinere får to små avsnitt, uten navn eller bilde. De er en underordnet, uviktig masse. Slik bidrar Aftenposten til å forsterke maktforholdet.
October 14, 2025 at 6:43 AM
Dei fleste verva på Stortinget er fordelte, men eitt viktig står igjen: leiar av Løvebakken mållag. Kven tek over etter @rotevatn.venstre.no? Og vil vedkomande endeleg få "Det lyser i stille grender" tilbake som allsong på Stortingets julelunsj?
October 14, 2025 at 6:15 AM
Reposted by Ingjerd
«Nyvalgt stortingspolitiker mottar stortingsgodtgjørelse hun ikke selv har vært med å vedta engang»

Nettavisen vet så syyyyykt godt hva de gjør når de bruker Frøya til en sånn sak
October 12, 2025 at 8:18 PM
Reposted by Ingjerd
"No, Mr. Bond. I expect you to pay tax."
October 11, 2025 at 10:00 PM
Eit av mine høgdepunkt med høgtideleg opning av Stortinget er å sjå korleis den utvalde statsråden handterer å lesa talen om rikets tilstand på nynorsk. Landbruksminister Sandtrøen ser ut til å ha øvd og ta oppgåva like seriøst som Hoksrud i si tid gjorde — terningkast 6!
October 11, 2025 at 11:29 AM