Øystein Vidnes
banner
vidnes.xyz
Øystein Vidnes
@vidnes.xyz
Formgivar og språkarbeidar. Varierer mellom å fylle dagane med å designe og å omsetje bøker – og av og til andre greier. Utsklidd sunnmøring busett i Leikanger i Sogn. Kontor på loftet til Skald forlag. Sporadisk oppdatert portfolio på vidnes.xyz.
Leon (6) skildrar livet på vestlandet.
November 24, 2025 at 8:16 AM
Død og pine, ny gammal bok i hus! Tradisjonen tru må ho ut på kontorbalkongen for fotografering. Denne gongen får ho med seg eit slitt eksemplar av Frankenstein, i lag med min glade kompanjong Yorick.
November 14, 2025 at 11:35 AM
Den øyredøyvande stilla på kontoret idet ein har sendt ting i trykken. Når det er ute av hendene og skal få renne ut i verda på eiga hand? Baksida av ei komande bok.
October 28, 2025 at 3:49 PM
Det skyer til. På veg til Odda, for å prate om stormannsgalskap og den sprø oppfinnaren Roberto Arlt, som på 1920-talet skreiv romanar som var ville nok til å spegle tida vi er på veg inn i. Eller? Hiv deg på bussen, så sest vi på Sentralbadet kl 15. Ok? www.litteratursymposiet.no/program/stor...
October 3, 2025 at 10:15 AM
Kvar dag, på veg opp trappa frå soverommet, støter eg på Dag Solstad, om eg er søvnig kan eg kome i skade for å skubbe til han med skuldra. At hans meir mobile, uføreseielege, verbalt slagkraftige og vimsete biologiske framtoning er borte, er eit tap, men i denne trappa blir han ståande.
March 18, 2025 at 1:53 PM
Her på rotekontoret jublar eg over at omsetjinga mi av boka Plasticus maritimus er nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur! Gledeleg om det kan gi boka endå litt fleire lesarar, for det er eit viktig – men fascinerande! – tema. www.nbuforfattere.no/2025/02/26/d...
February 27, 2025 at 8:53 AM
Teksten min om tapet av Øyvind står også i Klassekampen i dag.
January 11, 2025 at 7:53 PM
Del 3 i dokumentarserien «Tyskland på tvers», denne gongen Halle–Dresden. Hittil har ingenting gått på tverke.
December 28, 2024 at 8:30 PM
Dokumentarserien «Tyskland på tvers» rullar vidare, med episode 2, Hagenow–Halle. Einsformige parti blir fylt av favorittaktivitetar: Teikning (eller teiknologi, som det heiter i femåringens vokabular) og løysing av matteoppgåver.
December 20, 2024 at 3:13 PM
Klare for dokumentarserien «Tyskland på tvers». Første episode: Kiel–Hagenow. Forteljarteknisk ikkje avansert, men widescreen-formatet fengar.
December 16, 2024 at 8:07 PM
Forbausande nyvinning i det etablerte vaksenlivet: juleferie utan bil. Kiel neste.
December 15, 2024 at 12:44 PM
To kamera. Det eine er 50 år gammalt, det andre er 12 år. Kva er kva? Begge velbrukte. Det eine er såkalla fullformat, det andre ca. halvformat. Dei veg nesten eksakt det same.
December 5, 2024 at 11:43 AM
Før sommaren kjøpte eg eit kamera frå 1974 og ein liten stabel film, berre for å kunne nyte at sommarminna mine no ser 50 år gamle ut.
December 5, 2024 at 10:45 AM
Fjærland i kveld. Heidi Bøhagen har ein fin samtale med Mimir Kristjánsson om rus, farsarv med meir.
November 25, 2024 at 7:33 PM
Digitaltrykk varierer i kvalitet, men oftast får det meg berre til å tenkje på kor mykje betre det ville ha vore å lese den same teksten med ordentleg trykk. Inntil vidare trøyster eg meg med den sylskarpe teksten i eit rykande ferskt Vagant, som utnytter alt som er det beste med papir.
#vagant
November 22, 2024 at 12:31 PM
Såkalla digitaltrykk tyder kort sagt at bøkene ikkje går gjennom ein tradisjonell trykkprosess, men blir køyrt ut på ein printer, oftast ein diger blekkprinter. Ja, dei har blitt betre, men resultatet blir ikkje like skarpt som dette. (Nærbilete av tradisjonelt offset-trykk).
November 22, 2024 at 12:03 PM
Forklaringa er digitaltrykk. Ein stor del av norske bøker blir no trykt på denne måten. Du tenkte kanskje at bøker er tekstens luksusfartøy? Tru omatt. Aviser har skarpare trykk enn nyare norske bøker.
November 22, 2024 at 11:50 AM
Kremt. Opnar munnen i nytt medium med ein liten brannfakkel om bøker og trykking. Har du sett deg ned med ei ny bok og opplevd at bokstavane liksom flyt litt ut på papiret? Det er vel synet, tenkjer du. Og konsentrasjonsvanskar. Men er det forklaringa? Her er fire nærbilete av nyare norske bøker.
November 22, 2024 at 11:39 AM