Sturle Sunde
banner
sturle.bsky.social
Sturle Sunde
@sturle.bsky.social
Mest om: Energi, økonomi, Ukraina.

Gift, tre ungar og ein katt. Bur i Florø.

Starta Bitmynt, den eldste vekslingstenesta for Bitcoin som framleis eksisterer.

Einaste investeringsråd du får av meg: Ikkje invester meir enn du har råd til å tape.
20 meter brei veg er å overdrive. Går ofte tur i min lokale vindpark (Guleslettene). Vegane der er langt frå 20 meter breie. Ikkje er dei asfaltert heller, og den einaste trafikken er ein og annan elektrisk varebil frå Vestas når dei skal inspisere eller reparere noko.
November 7, 2025 at 11:51 AM
Eg er ganske sikker på at i morgon mellom 11:45 og 14:00 er fyrste gong straumprisen er lik i alle norske prisområde sidan innføring av flytbasert marknadskopling!
October 22, 2025 at 12:21 PM
Kona var svært skeptisk, men min pizza-kreasjon i dag med sardinar og brunost vart faktisk veldig god! #kreativmat
July 8, 2025 at 6:19 PM
Seks slike har på mystisk vis dukka opp i verandakassane mine på hytta i Berlin. Dei fekk ny jord (delvis frå blomsterpotter med forlengst visna blomar) og rikeleg biokol lada med avrenning frå kompost i påska. Men desse har eg ikkje planta eller sett før. Korleis kan dei ha hamna der?
June 27, 2025 at 1:38 PM
Det er sant. På ei anna side er det sjeldan vi reknar inn ekstrakostnadane knytt til klimaendringar, miljø og helse. Medrekna dei kostnadane ser det straks veldig bra ut for fornybar energi. Greitt at vi har eit oljefond, men det dekkjer ikkje kostnadane knytt til forbruket av oljen.
December 3, 2024 at 10:43 AM
Her er dei ordningane Pöyry undersøkte opp mot WTO sin definisjon av subsidiar, og kva dei konkluderte med. I tillegg kjem spesifikke subsidiar til m.a. Snøhvit-utbygginga. Ser klåre manglar her, som fritak for elavgift for petroleumsutvinning.
December 3, 2024 at 9:27 AM
Ja, den grafen er for landvind. Offshore vind har fylgt tilsvarande læringskurve, faktisk litt raskare pga erfaringar frå land. Offshore kan verte billigare enn landvind, fordi det er aksept for mykje større vindturbinar til havs. Denne grafen har med offshore vind (botnfast).
November 29, 2024 at 5:45 PM
Fiske – spesielt botntråling – kan med fordel stengast i nokre område. Havbotnen er ikkje lenger sunn og artsmangfaldet ikkje det det ein gong var.

Prisen på både botnfast og flytande havvind vil gå vidare ned pga store utbyggingar mange stader. Prisen på kjernekraft går opp.
November 29, 2024 at 4:07 PM
Eg skreiv *leveleg* planet. Vi er på toppen av eit korthus. Den store steinen i botnen vil nok halde fram med å eksistere.
November 26, 2024 at 12:31 AM
Spørsmålet er om vi skal etterlate oss ein leveleg planet eller ein stor bankkonto til ungane våre. Etter mi meining er bankkontoen meir enn full nok. Vil faktisk hevde at det er litt mange egg å ha i ei korg. Vi har berre ein planet som vi bør passe betre på.
November 25, 2024 at 6:07 PM
Russophobe? Nah.
November 23, 2024 at 12:13 AM
Danmark elektrifiserer! Redusert bruk av kol og olje, auka bruk av fornybar elektrisk kraft i 1. til 3. kvartal. Samla energiforbruk går ned. Kjelde: ens.dk/presse/stoer...
November 22, 2024 at 10:41 AM
The fastest way for Ukraine to get nuclear weapons is here. Midway on a line between Kharkiv and Sumy is a russian nuclear weapons storage site, just 20 minutes drive from the border.
November 20, 2024 at 12:21 PM
Here are the latest drugs I bought with Bitcoin. An advent calendar. Inside each cylinder are beans from a different coffee producer. Looking forward to December!
November 20, 2024 at 7:56 AM
Nah. Russian air defence is perfect! 4.bp.blogspot.com/-03HGG7jh8wA...
November 19, 2024 at 8:18 PM
Fyrste del av årets adventskalendar er i hus! Då kan desember komme!

PS: Betalt med Bitcoin, sjølvsagt!
November 19, 2024 at 7:41 PM
MAGA are afraid of the wrong kind of men wearing dresses.
November 19, 2024 at 3:04 PM
This is easily disputed! Finland spent only two years building as much wind (measired in MWh/year) as their new nuclear reactor which took 13 years to build at an existing site!
November 17, 2024 at 3:24 PM
Intro: Mann (50), gift, tre ungar (eit fosterborn), ein katt, bur i Florø, hytte i Berlin, driv Bitmynt.no.

Spesiell interesse for energi, miljø, klima, menneskerettar og demokrati. EU-tilhengar.

Har studert EDB og litt andre realfag.

Glad i kaffi. Kona meiner eg brukar for mykje tid på Pus.
November 24, 2023 at 4:15 PM