Øystein Bjaanes Lemvik
banner
olemvik.bsky.social
Øystein Bjaanes Lemvik
@olemvik.bsky.social
Teacher. Reader. Terrible humor.
Eg er heilt samd på kristensida!

Kommers-jul er eg verre på, for eg høyrer fint lite radio. Men eg kan støtte Per i at Fairytale of New York er god.
December 1, 2025 at 11:22 AM
Som tidlegare tilsett i arkiv: folk bruker arkiv for lite.
December 1, 2025 at 8:54 AM
Eg opplever at SV har klar politikk rundt klima, men at den er mindre viktig for partiet enn t.d fattigdom.

Så difor linja - klima er det ein kan forhandle vekk for gjennomslag andre stader.
December 1, 2025 at 8:53 AM
Ikkje så rart, så lenge me lever av å selge olje.
December 1, 2025 at 8:51 AM
Eg les denne setninga, og er usikker på korleis Ap reknar dette å ikkje opne for meir forureining som ein miljøsiger, gitt at dei i eige program har lagt inn at utsleppa skal reduserast med rundt 50%.
December 1, 2025 at 8:20 AM
Det er ein moglegheit.

Eg er usikker på om Sp er eit stort nok mål for Listhaug å skyte på - veljarane der er vant med kompromiss - men det er slett ikkje utenkeleg.
December 1, 2025 at 5:19 AM
Det er og mogleg.

I så fall får ein legge håpet i at Høgre skiftar leiar, og at partigruppa ikkje vil la seg manipulere inn i eit samarbeid der ein vert juniorpartnar for at Erna skal føle seg betre.
November 30, 2025 at 8:24 PM
Kvifor hatar du Noreg??!1!
November 30, 2025 at 8:23 PM
Skeptisk til om Erna vil det, tbh. Det ville vere å ta livet av resten av Høgre, sidan det vil vere FrP som driv fram politikken der.

Då har Erna meir å tape. Så sjølv om ho gjerne vil regjere, trur eg faktisk ikkje ho tek den vegen.
November 30, 2025 at 8:21 PM
For om det skjer, må ho ta ansvar, men ho kan kun levere på andre sin nåde.

Det kler ikkje hennar politiske prosjekt. Ho kan sikkert tenke seg makt, for all del, men då med eit trygt fleirtal i botn. No vil ho få bank til ho gir seg.
November 30, 2025 at 8:16 PM
Eg må innrømme at eg genuint ikkje forstår tankegangen her.

La oss seie at Listhaug vert statsminister. Kor har ho fleirtal? Kva skal ho få gjennom? Kva for alliansar skal ho stable på beina for å få gjennom noko?

Eg trur på ekte at regjeringskrise no er Listhaug sitt verste mareritt.
November 30, 2025 at 8:16 PM
Godt mogleg.

MDG har likevel liten grunn til å kompromisse for mykje på det som er deira rammeverk-sak. Så får me sjå kva veljarane seier om tre og eit halvt år igjen.
November 30, 2025 at 5:43 PM
Gitt at det ofte vert trukke fram som det som sette FrP på kartet, vil den parallellen legge vel mykje press på Ap. Om MDG veks fram større a la FrP vert ikkje jobben lettare for Støre og Ap.
November 30, 2025 at 5:16 PM
Vanskeleg å seie. Stoltenberg 1 imploderte og gav oss Bondevik 2 fordi dei ikkje kunne gi gode grunnar for å stemme dei.

Ikkje umogleg at Listhaug 1 ville gitt same resultat.
November 30, 2025 at 5:09 PM
Trur ikkje heilt det er ei gåve FrP vil ha.

Å sitje som ansvarleg for ei mindretalsregjering, og gjennomføre etter Stortinget sin vilje (med ei mengde tap) er meir deira mareritt, trur eg.
November 30, 2025 at 5:05 PM
Klarinettspørsmål.
November 30, 2025 at 2:10 PM
Me får sjå korleis det utviklar seg. Foreløpig er det kun på spekuleringsnivå.

Men sånn som første inntrykk trur eg dette er rett val no.
November 30, 2025 at 2:03 PM
Tillit og truverd er, meiner eg, viktigare enn kortsiktig gjennomslag (som ein ikkje ein gong kan stå inne for).

Vil tru du og meiner ein bør tru på det ein gjer i politikken. Om ikkje, trur eg ikkje denne samtalen har hatt noko poeng i det heile.
November 30, 2025 at 1:53 PM
Og det har ein ikkje!

Om Listhaug no vert sett inn eller ikkje, er det ikkje fleirtal for det.

Korleis dette skulle verte ein "støtter Støre uansett", veit eg ikkje - det følger kun, trur eg, om ein førestt at Ap er beste alternativ punktum.

Det ... er opp til Ap.
November 30, 2025 at 1:38 PM
Vel ... nei?

Eg vurderte å legge denne som ein "left as an excercise", for det er ikkje vanskeleg å tenke seg korleis utsagnet ditt kan vere feil, men for å forklare:

Ein ville ha fleirtal for Støre. Årsaken er enkel: Ap, om grått, er betre enn FrP. Så ein vil ikkje ha fleirtal for sistnemnte.
November 30, 2025 at 1:38 PM
Såg ikkje denne før no.

Men eg kan ikkje sjå det skal vere negativt - Listhaug som statsminister vil jo - med det parlamentariske grunnlaget ho ville hatt - vore ein direkte katastrofe for FrP.
November 30, 2025 at 1:26 PM
Det gjenstår å sjå.

Trass i alt er det ikkje noko anna alternativ klart, så eg ser ikkje vekk frå det.
November 29, 2025 at 5:10 PM
Siste setning er heilt rett.

Problemet i denne diskusjonen er at du trur norske regjeringar prioriterer det, eller at det som ein no har trukke seg frå, ville hjulpe.

Då er det betre å signalisere at arbeidet som vert gjort er for dårleg, og ein kan ikkje sette eige truverdstempel på det.
November 29, 2025 at 4:41 PM
etter det.

Utan tvil vil Ap ha mest å seie, størrelsen tatt i betraktning. Men dei har ikkje mandat for å styre åleine, dei treng fire andre parti med seg.

Der har dei ikkje lukkast nemneleg godt så langt.

Kven som får skulda heng nok på kven ein stoler mest på i utgangspunktet.
November 29, 2025 at 4:34 PM