Magne Juuhl
banner
mjuuhl.bsky.social
Magne Juuhl
@mjuuhl.bsky.social
Brann
Stadion i går hadde så mange kvaliteter. Gitter i kiosken for å skape ei kjensle av at dette er alvor, toalett som skaper den perfekte bortekampestetikken og utvendige trapper som opnar opp stadion også frå utsida. Tenk alt vi får oppleve med Brann!
November 7, 2025 at 10:54 AM
Brann er Europa!
November 6, 2025 at 12:20 AM
Surt tap og surt vær.
November 2, 2025 at 7:39 PM
Surt tap og surt vær.
November 2, 2025 at 7:30 PM
Kulturlandskapet på Bokn er vakkert, men bussane plar ikkje stoppe der. No fekk vi tid til å sjå på brua, lokalbutikken og ein liten prat med lokalbefolkninga som noko overraskande sa at Bokn var meir Viking enn FKH. Før brua kom i 1991 var det kortare til Stvg og derfor historisk Viking.
November 2, 2025 at 1:13 PM
Det er kjekt å ta buss til Bryne, Stavanger og Haugesund. Men den store fordelen med bil er at ein kan legge inn eit stopp i dynamiske Sagvåg for å sjekke ut den unike pubkulturen. Tenk at ein så liten plass som er så nær Leirvik har to brune pubar på kvar side av sentrumsgata.
November 2, 2025 at 12:08 PM
Biltur til Bryne er Brann.
November 2, 2025 at 10:30 AM
Det er lett for at eg vert litt i overkant snusfornuftig rundt Brann, men synast også det er litt i overkant å slå Horn Myhre i hovudet slik at han blør og må på sjukehus. Vi må finne ein balanse i markeringa.
September 4, 2025 at 7:59 AM
Var tilstades på første del av treninga til Brann og har ein del spennande informasjon. 1. Spelarane flinke til å høyre etter og gjere det som trenarane seier. Ingen tulling i køen medan ein venter på tur.
2. Andremålvakt Mathias Klausen truleg den blidaste på heile laget.
August 24, 2025 at 9:38 AM
Brann er Europa!
July 30, 2025 at 12:45 AM
Posen pub i parken og marsj i etterkant får stadig større fotfeste i Bergen. Kjekt at Nygårdsparken etterkvart er så tydeleg Brann.
July 24, 2025 at 4:19 PM
I forkant av Europa har eg undersøkt kontinentet nærmare. Marseille er ein kaotisk og svært dynamisk havneby med eit intenst ynskje om at klubben frå byen skal lukkast. Bergen skrudd opp til tusen. På onsdag må vi mane fram Brann til siger mot det unge og skjøre (og gode) Salzburglaget.
July 20, 2025 at 8:10 AM
Det er tydelege venskapsband mellom Marseille og Bergen. Begge er dynamiske havnerbyar i evig opposisjon til sentralmakta. Men over all forventing at Marseille skyt opp fyrverkeri i etterkant av Brannsigeren mot Viking!
July 14, 2025 at 8:54 PM
Skulle sjølvsagt ha vore på stadion i går, men held fram jobben med å undersøke Europa. Karlsruhe er ein triveleg mellomstor by sentralt i Europa med parker som har bordtennisbord, lange, rette gater og ein haug med Karlsruher og Hertha Berlin-stickers sidan dei har vore vener sidan 70-talet.
July 14, 2025 at 10:03 AM
Held fram med å undersøke Europa som ei slags førebuing i det store Europaåret. Hamburg har gigantiske heisekraner, store hus, enorme mengder stickers, St Pauli er akkurat slik ein trur St Pauli er (men bydelen med sympatibydeler ganske mykje større område enn eg trudde) og rufsete kanaler.
July 12, 2025 at 9:08 AM
I samband med Europaåret til Brann har eg tenkt å sjekke ut Europa sidan mykje tyder på at det vert ein del av kvardagen til Brann dei neste åra. Malmø er ein dynamisk by med strand, stilige landemerker som Turning Torso, aktive parkar som Folkets park og kok rundt Møllevangstorget.
July 9, 2025 at 7:38 PM
Det at Brann i stadig større grad får ein kultur for parksamling er eit av fleire gode trekk med supportarrørsla. Kontinentalt og passande i det store Europaåret 2025.
July 9, 2025 at 5:36 PM
Fergene på Vestlandet er våre.
May 25, 2025 at 9:32 PM
Kjem til å sakne bortekampen mot Haugesund. Er som å reise til ein sliten, liten by i Skottland. Grå, regnfull, triveleg på sitt vis og med eit fotballag som er litt dårlegare enn Brann.
May 25, 2025 at 7:42 PM
Fiskebåter, verftsindustri og vindmøller (joda, dei burde ha vore statlege) i skodda. Dette er Vestlandet. For ei gåve bortekampar med Brann er.
May 25, 2025 at 2:32 PM
Bortekamp på Vestlandet handlar mykje om å sjå på naust i regn saman med andre menn.
May 25, 2025 at 1:35 PM
Gjennom Brannhistorien har folk laga hundrevis av ulike Brannflagg. Vil tru vi har den mest mangfaldige flaggscena av alle klubbar. Men av alle flagg er dette det mest inderlege og sublime.
May 25, 2025 at 1:09 PM
Sjåføren har vore litt streng med ein passasjer som har hatt ein tendens til å stå i midtgangen. Etter den siste beskjeden tok han seg ein blund. Når han vakna gjekk han fram og tok mikrofonen for å seie at ingen måtte stå i midtgangen. Eg liker kombinasjonen av å både vere ansvarleg og uansvarleg.
May 3, 2025 at 12:32 PM
Litt utanfor Hønefoss, sånn cirka her, budde Trotsky i 1936! Sjukt.
May 3, 2025 at 11:40 AM
Sympatisk av sjåføren å stoppe her der den tørre skogen treng meir næring. I naturvernrekneskapet til supportarrørsla bør nokon rekne inn desse stoppa.
May 3, 2025 at 11:00 AM