martin@synogsegn.no
Men det går mest i Sportsklubben Brann her.
d) kritisk, gravande, viktig journalistikk får konsekvensar!

Endå eit turn- og idrettslag. Orsak for det. For mange er Hovding mest kjend som klubben Vasili Pavlov greidde å skåre mot eller for den flotte Hovding cup. Den nydelege tredvetalslogoen har diverre hamna litt i skuggen og fortener å kome fram att no. Gratulerer!

Sjå på dette her, då! Flott teikna, gamal grekar, stifta på sjølvaste 17. mai. Då Øygarden FK gjekk konkurs, var det litt snakk om TIF Viking skulle ta over lisensen. For ei tragedie at vi ikkje fekk denne logoen inn i toppfotballen.

Løv-Ham er jo ein klassisk klubb i Bergen. Kjende for mellom anna Radøy-legende Sindre Marøy og sonen til ein i Vinskvetten, Ørjan Låstad. Namnet kjem eigentleg frå Løvåsen i Fyllingsdalen, som eg tippar har meir med lauv enn løver å gjere, men pyttsann!

Tre stiftingsdatoar er nesten åleine godt nok til å kome inn på lista. Elles er det rett på sak, slik Øystese vanlegvis er. Fot, ball, Øystese. Som ein rapartist, må ein seie kvar ein er frå og kva ein driv med.

Der Bergen Nord heng att i fortida, ser Østsiden Askøy framover! Den moderne klubben i takt med tida, bruker Askøybrua som symbol. I alle fall om klubben var frå 1992, då brua opna. I 2017 kjennest det kanskje litt gamalt ut. Uansett ein flott logo med dato!

Det er for få kompassroser i offentlegheita. Seinast hin dagen sat eg på ei ferje med ein kamerat som sa «uff, ho er så steril, gamleferja hadde no i alle fall pynta litt med nokre kompassroser». Det maritime preget i Salhus er litt redusert etter at brua kom, men men.

Denne millenniumslogoen kjem høgt opp åleine på grunn av at han er så perfekt millennium og det er passande nok for eit lag stifta i herrens år 2000. Ein kjem ganske langt i livet om ein treffer på sjangeren.

Som med RBK har Hetlevik gått for den stilreine varianten. Eg kjenner ikkje så godt til idrettslaget, men eg går utifrå at dei vil signalisere at dei driv med både fotball og handball.

Dette er faktisk, utruleg nok, den første logoen som vart laga med Paint då programmet vart lansert tilbake i 1936. Nokre vil hevda at det ikkje er like innovativt i Silicon Samnanger den dag i dag, men der strides dei lærde. Flott og klassisk logo, med pluss for dato.

10. Vi byrjar med ein delt tiandeplass, ei generell anerkjenning av dei nye klubbane. Kråmyrane, Damsgaardskameratene, Nygård og Galgen viser alle på ulike måtar at kunsten ikkje er daud, men dei må bli vaksne før dei får kome høgare opp.