Magnar Kvalvik
magnarkvalvik.bsky.social
Magnar Kvalvik
@magnarkvalvik.bsky.social
Synstolkar filmar og snakkar spansk fotball i LaLigaLoca-pod. Mykje snakk, med andre ord.
Godtfolk! LaLigaLoca episode 353 er ute!

Me oppsnakkar blant anna kveldens oppgjer på Anfield, og slaktar beint fram Mbappés straffeveldigheit overfor Vinícius.
November 4, 2025 at 3:32 PM
Episode 348 av LaLigaLoca er ute!

Me snakkar om El Derbi Madrileño, Sørloths fantastiske prestasjonar mot storlaga, og 17 millionar ståpikkar!
September 30, 2025 at 9:15 AM
God helg med TILLEGGSTID på patreon.com/laligaloca
Me snakkar sjølvsagt opp helgas Derbi Madrileño!
September 26, 2025 at 4:48 PM
Episode 347 av LaLigaLoca er ute:

-Når kan me snakke om krise i Atlético, om ikkje no med det same?
-Barcelona ser ut til å trivast på Estadi Johan Cruyff, men kor skal helgas heimekamp spelast?
-Og er Mbappé verdas beste niar?
September 23, 2025 at 11:03 AM
LaLigaLoca episode 343 er ute!

Om Barcelona som alltid kjem unna med den vaklande offside-fella si, om Atlético som har eit ræva 2025, og om Mbappé som akkurat no scorar med Cristiano Ronaldo-frekvens.
August 26, 2025 at 10:34 AM
Jonas meiner at Sevilla rykker ned denne sesongen, så då var det berre å sette han opp i eit møte med førstekeeperen deira. Petter blei med som diplomat.

Samtalen kan lastast ned overalt. Er du patron får du samtalen som video eller reklamefri podkast.
open.spotify.com/episode/0gXP...
August 15, 2025 at 8:42 AM
Petter og eg slo av ein prat med Alexander Sørloth i går. Det viser seg at han og Petter har same favorittfilm, og det var litt irriterande. Men elles god stemning.

For patronar er video av samtalen tilgjengeleg, elles kan samtalen høyrast over alt.
open.spotify.com/episode/46ny...
August 14, 2025 at 10:33 AM
Ny LALIGA-sesong har avspark på fredag og me er ute med vårt tabelltips og andre treffsikre spådomar.
open.spotify.com/episode/5iHg...
August 12, 2025 at 9:53 AM
Er du i Oslo i morgon er det berre å bli med på fotballquiz på O'Learys i Vika. Det blir kjekt!
June 25, 2025 at 1:15 PM
LaLigaLoca ep. 340 er ute, berre sånn til info.

I vår siste ordinære episode for sesongen kårar me sesongens trenar, spelar, bomkjøp, gjennombrot osv. Me plukkar også ut augneblinka me hugsar best, og så set me saman sesongens lag - heilt utan nisselue, sjølvsagt.
June 5, 2025 at 8:12 AM
God helg med Tilleggstid!

- Det enda i tårer for Betis, men kan denne klubben nå nye e-cuphøgder, eller var dette mmoglegheita?
- Alexander-Arnold er klar for VM for klubblag med Real Madrid, men kva sesong tilhøyrer den turneringa? Me treng eit panel!
www.patreon.com/posts/tilleg...
May 30, 2025 at 5:09 PM
LaLigaLoca episode 339 er ute!

Me prøver med varierande hell å matche våre spådomar med LALIGA-sesongens fasit, eg kan i alle fall komme på ni ting me IKKJE må gløyme frå denne sesongen, og me strør diverse kuriøse fakta rundt oss.
open.spotify.com/episode/5PVt...
May 27, 2025 at 9:59 AM
Ny episode av LaLigaLoca er ute, og me kjem liksom ikkje heilt utanom nivået Lamine Yamal presterar på denne gongen heller.
May 20, 2025 at 10:00 AM
Ny episode av LaLigaLoca er ute!

Om Barcelona som leverandør av stor underhaldning og enorm kvalitet, om Sørloth sin historiske kvadrupel og hans solide posisjon i Atlético, og - ikkje minst - om vegen vidare for Real Madrid.

Håpar det fell i smak.
open.spotify.com/episode/0JF8...
May 13, 2025 at 7:10 AM
Episode 335 av LaLigaLoca er ute i det fri! Med ein gjennomgang av CdR-finalen og alle kontroversane den hadde å by på, samt eit blikk på denne vekas møte mellom Barcelona og Inter. Og litt til.

Håpar det fell i smak!
April 29, 2025 at 8:46 AM
Ein kan trygt sei at Petter er rimeleg imponert over det Alxander Sørloth har prestert mot Barcelona dei siste åra.

Du kan forresten sjå heile episoden vår på www.youtube.com/watch?v=wJ--..., eller berre høyr han der du likar å høyre podkast. (Eller ingen av delene, men det er jo ikkje gøy).
March 19, 2025 at 2:51 PM
God dag! Ny episode av LaLigaLoca er ute!
open.spotify.com/episode/1oMa...
Me trur kanskje Atlético toppar Liverpool på marerittskalaen kva angår marerittveka som nettopp passerte. Og så nærmar dette seg ein godkjent førstesesong av Mbappé i Real Madrid.
March 18, 2025 at 7:53 AM
Har laga ein ny episode Det Skjedde Denne Veka på patreon.com/laligaloca.

Det er no fem år sidan at Liverpool og Atlético varta opp med ein kremkamp på Anfield. Men det var eit arrangement med 52 000 for mange gjester.
March 13, 2025 at 4:23 PM
Det er lov å vera ganske sur når måten du ryk ut av ei turnering på, får arrangøren til å vurdera regelverket.
March 13, 2025 at 2:28 PM
Ny episode LaLigaLoca ute.

Me går gjennom LALIGA-runden og oppsnakkar vekas Euro-derbi. Kva blir Real Madrids strategi mot den sannsynlege energibomba Atlético går ut med? Kan Modric vera eit alternativ frå start, eller best å ha i bakhand?
open.spotify.com/episode/6Ayh...
March 11, 2025 at 10:07 AM
God helg med Tilleggstid!

Har Atlético det i seg å snu Euro-derbi på Metropolitano? Og kven er det som må vike for Bellingham i Real Madrid-ellevaren, når både Brahim Díaz og Rodrygo leverar som dei gjer?
www.patreon.com/posts/123860...
March 7, 2025 at 5:41 PM
LaLigaLoca episode 327 er ute!

Med refleksjonar etter helgas LALIGA-runde, og eit visst fokus på kveldens europeiske Madrid-derbi, der me verkar ganske samde om at Sørloth i Atlético-drakt er langt meir nyttig frå benk, enn frå start.
March 4, 2025 at 9:20 AM
God helg med Tilleggstid!

Med både framblikk på helgas LALIGA-runde, og refleksjonar etter vekas CdR-drama.
www.patreon.com/posts/tilleg...
February 28, 2025 at 5:53 PM
Blir det tittelkamp til siste serierunde i LALIGA, korleis bør Atlético prioritera mellom LALIGA, SLUK og Copa del Rey, og kor spelar Nico Williams neste sesong? Me prøver å svara i denne vekas LaLigaLoca.
February 25, 2025 at 8:05 AM
Ny episode LaLigaLoca er ute:

- Barcelona tok over tabelltopp i går kveld, men var det så lurt all den tid det kviler ei forbanning over spanske serieleiarar?
- I spanske fotballstudio får dei no engelskleksjonar for å forstå banningen til Jude Bellingham.
February 18, 2025 at 8:26 AM