Den Kloke Lille Høna
banner
krissto95.bsky.social
Den Kloke Lille Høna
@krissto95.bsky.social
Ho/ho.
Ikkje julenissen, berre nynorske pronomen.
Famlar meg gjennom høgare utdanning, underviser norsk på speed og skriv teksten du ser på TV.
Kvar veke er nynorskveke når ein er Sjukt Kul!
November 18, 2025 at 3:57 PM
(Mange av desse utgiftene hadde eg obvi droppa om eg visste eg skulle få så mange Utgifter™.)
November 17, 2025 at 11:45 PM
💀💀💀💀 herreguuuuuud. Er dette eit faktisk skjermbilete av faktisk tekst? *lagrar*
November 17, 2025 at 3:26 PM
Det er jo sterke krefter som prøver å overtyde dei om at det berre handlar om å "bruke det riktig"
November 17, 2025 at 2:15 PM
Eg skulle akkurat til å smøre meg nokre rundstykker og springe bort i førelesing, men så fekk eg melding frå kollega som refererte til "jobb i dag", så no spring eg heller bort til kveldsvakta eg ikkje hadde fått med meg at eg skulle ha💀
November 17, 2025 at 1:59 PM
herreguuuuuud livet er for kort ass
November 17, 2025 at 1:47 PM
PUH. Godt å få denne oppdateringa med ein gong. No kan eg puste letta ut på dine vegne. (og framleis ha dystre tankar om Framtida™)
November 17, 2025 at 1:41 PM
Nekter?! Wdym "nekter"?! Du sa "hei, vi må føre kjelder i Apa 7-stil" og dei berre "nei"?! Då er det veldig veldig lov å nope the fuck out og seie ifrå til emneansvarleg. Eg nektar å gå med på at du får dårleg resultat fordi medstudentane dine er udugelege (eg orkasje vere raus og tolsam lenger ass)
November 17, 2025 at 1:40 PM
Men det er jo det, ho er ikkje direkte relevant for meg personleg. Tema er ei bok eg har både lese, vore på førelesing om før og har undervist ein del i. Men klart ein kan argumentere for at ho er indirekte kjemperelevant! Så eg spring bort straks.
November 17, 2025 at 1:27 PM
(Dette er altså i emnet eg er kollokvieleiar i. Eg synest det er litt ålreit å stikke hovudet innom når det passar seg sånn, så eg heng med på kva førelesar seier, kva studentane synest er vanskeleg/interessant osb. I dag er det dessutan analog førelesing. Eg føkkings elskar analog førelesing.)
November 17, 2025 at 1:19 PM
Eg har ikkje plass til punktum!
November 17, 2025 at 1:10 PM
Det er til å grine av, faktisk.
November 17, 2025 at 10:35 AM
Eg fekk servert nokre KI-teksta episodar av noko ræææl for eit års tid sidan, og det var cirka 40-45 minuttar per episode. Kvar episode tok meg minst ein ekstra arbeidsdag, fordi eg i praksis måtte gjere alt på nytt, men med eit elendig utgangspunkt. Eg er framleis irritert over det prosjektet.
November 17, 2025 at 10:28 AM
Så 1) det vert mindre effektivt og 2) ein tek yrkesstoltheita frå dei som driv med det. På sikt vil 3) flinke språkfolk finne seg noko anna å drive på med, slik at fagkompetansen forsvinn frå yrket og "kvalitetssjekken" vert gjort av folk som ikkje har pipling
November 17, 2025 at 10:24 AM