Morten
banner
kommunorten.bsky.social
Morten
@kommunorten.bsky.social
Høgskulelektor. Litteraturvitar, i gong med ein BA i filosofi.
Glad i bøker, kommunar og Magic: the Gathering.
I dag har eg forsove meg med ein og ein halv time. Eg finn ikkje jobbnøkkelen min, så eg må gjere arbeidet mitt heime med ein hormonell tenåring av ein Corgi som ikkje er veldig reseptiv til at eg sit i ro og hamrar på eit tastatur.
December 14, 2025 at 11:25 AM
Forspist! På julebord
December 12, 2025 at 8:28 PM
Engelen på skuldera mi: "Du har ein rekordstor rettebunke, Morten, eg trur du skal bruke tida på å jobbe godt."

Djevelen på den andre skuldra: "To av kompisane dine har faste startord i Wordle, Morten, eg trur du skal bruke tida på å finne ut kva orda er."

TRACE og TODAY, om du lurte
December 12, 2025 at 9:54 AM
Eg fekk Magasinet Strek i posten i går, men eg hadde heilt gløymt at eg bestilte det, kor eg bestilte det og kva eg eigentleg bestilte.
Eg innbiller meg at det var gratis eller typ 10kr, for eg ville aldri betalt fullpris. Eg finn ingen spor i epostkassen etter dette.
Gud opererer på mystisk vis
December 10, 2025 at 9:56 AM
Kan melde at kveldens Radioheadkonsert overgjekk alle forventingar
December 5, 2025 at 11:25 PM
"Eg må stenge no, vil du ha plastkopp til ølen din?"

Danmark 😭😭❤️
December 4, 2025 at 3:33 AM
Ad fontes serverer ikkje pils før klokka 16
December 2, 2025 at 12:01 PM
Har heilt gløymt kor jævlig det er i Bergen. Eg har ikkje pakka for dette her
December 2, 2025 at 10:37 AM
Meiner YR burde vere såpass imøtekommande at eg berre kan søke opp "Køben" og få opp det eg leitar etter
December 1, 2025 at 12:18 PM
Såg ei lærarstillingsutlysing i Utsira Kommune, og dei trong søkjarar med førarkort? På Utsira? Kommunen du kan krysse til fots på mindre enn ein halvtime?
November 29, 2025 at 1:49 PM
Gjekk ned den brattaste bakken i Sogndal utan problem, men på flata inn mot den lokale ungdomsskulen sklei eg som berre helvete. Hadde eg trynt framfor ungdommane hadde eg hoppa i elva kort tid etterpå
November 26, 2025 at 9:42 AM
Opna Snapchat. Eg trur det snør i Bergen i dag
November 21, 2025 at 1:51 PM
Merkar eg blir motlaus når eg tenkjer på lesing, leseferdigheiter og leselyst. Kvifor kan ikkje alle vere like glad i lesing som meg?
November 13, 2025 at 10:01 AM
Alle på planeten døydde!
Spelte nett Dungeons and Dragons for første gong sidan eg var sånn 14. Stas
November 11, 2025 at 8:15 PM
NRK si anmelding av det nye Pokemonspelet er så dårleg at eg vurderer å skrive motsvar. Ikkje fordi eg er usamd i kritikken, men fordi det er eit dårleg stykke spelkritikk
November 11, 2025 at 2:13 PM
Eg er faktisk samd i at elevane burde lære meir om økonomi, men ikkje på dei premissa som alltid legg til grunn for debatten.
November 11, 2025 at 8:46 AM
Ny oppdatering på instagram
November 8, 2025 at 10:50 PM
Eg hadde yrkesrelevant jobb på sida av studiene. Det saug balle og gjekk ut over det faglege og det sosiale.
November 7, 2025 at 2:21 PM
Treng eksternsensor men sit med for mykje ærefrykt til å berre sende epostar rundt.
November 7, 2025 at 8:47 AM
Må sjå videoar frå "Gutta" grunna noko jobbgreier. Dette kjem til å påføre meg så mykje skade på hjernen at eg ikkje lenger kjem til å vere kvalifisert til å arbeide på høgskulen
November 4, 2025 at 8:44 AM
Nokre dagar tek eg meg i å tenke tankar som "Jurist? Det kunne sikkert eg blitt dersom eg fekk eit par månadar å setje meg inn i ting". Andre dagar trur eg at førarkort er heilt urealistisk for meg å få.
November 3, 2025 at 1:43 PM
Hannah er ikkje evig student. Hannah er 23 år og har akkurat fullført bachelor i økonomi og ledelse (🤢) og har no starta på eit årsstudium i logistikk. NRK må skjerpe seg
October 31, 2025 at 9:29 PM
Sjukt kor mange stipendiatutlysingar som bryr deg om KI og kor få som bryr seg om det sosiopolitiske landskapet i Lumiose City
October 31, 2025 at 10:24 AM
Det nye pokemonspelet opnar med at du treff ein person som treng hjelp til å spele inn ein reklamevideo, men før du rekk starte så blir du avbroten av ein informasjonsskjerm med meir reklame. I dette essayet skal eg...
October 29, 2025 at 8:32 AM
Praksisbesøk der absolutt alle er nøgde?? Då er det ein kjekk dag på jobb
October 27, 2025 at 11:50 AM