Kjetil Høiby
banner
kettlehelmet.bsky.social
Kjetil Høiby
@kettlehelmet.bsky.social
Datajournalistikk, automatisering, løping, film og fotografi. Jagar ungane rundt i skogkanten ved Østmarka.
Den såg eg ikkje kome. Tanta viser veg for språket vårt og kutter no ut konseptet eintal. Kanskje like greit at vi ikkje held på sånne særreglar.
November 29, 2024 at 1:48 PM
Ein av desse grå, skoddetunge haustdagane der det beste er ei myr, ein termos, eit bål og nokre ungar #farsdag
November 10, 2024 at 7:04 PM
Og dette er den rake motsetnaden.
Eit spor, nokre gamle ski og tre fulle av hengande snø. Utmerkt avskjed med tjuetre.
December 31, 2023 at 2:35 PM
Det er kanskje ikkje openbert at å ta på masse klede og utstyr og hjelp og lys og greier, og å stille seg opp midt i gata i morgontrafikken i storbyen hadde så mykje med ‘fridom’ og ‘ro’ å gjere, men du kor eg hadde sakna å sykle til jobben.
Den pausen frå skjerm og folk er heilt umisteleg.
December 20, 2023 at 9:08 PM
Hadde Aasmund O. Vinje budd i ein drabantby i Oslo i dag, hadde vår mest kjende vuggesang heitt: «Leitande etter gateparkering».
December 13, 2023 at 9:15 PM
Ikkje alle heltar ber kappe
November 29, 2023 at 7:55 AM
Det finaste med sjølvkøyrande bilar, er å sende ungane på bortekampar i fotball og andre fritidsaktivitetar.
October 28, 2023 at 11:57 AM
No skjedde det noko vakkert. Akkurat det vi trong ein kald fredag heilt i enden oktober, med hausten durande mellom husa.
Plutselig blandar dei vakre tonane av Norsk dans nr. 2 seg med ula frå vinden.
Ikkje alle heltar har sin eigen temasong.

</sarkasme>
October 20, 2023 at 3:47 PM
Når ein ett-åring omsider sovnar på fanget etter ein styrete kveld med fleire mislykka forsøk på å legge.
Dei tre raske sukka som kjem då - he dei eit namn?
October 11, 2023 at 10:04 PM
Ikkje verdas verste arbeidsplass #pappaperm #ivertid
October 10, 2023 at 9:12 AM