Erik Holten
holtenher.bsky.social
Erik Holten
@holtenher.bsky.social
Serious science demands serious facial hair
Den maskinlærte klassifikatoren A&ttack2 frå
huggingface.co/ogtal/A-og-t... har kategorisert denne floffen som eit åtak.

(implementert med kun ein smule utdanning)
November 3, 2025 at 9:22 PM
Det verste er at hoff- og hovud- ikkje eingong er kognatord som er skylde einannan.
November 1, 2025 at 8:36 AM
Eg ser at VG hadde innlemma importsortar i den store testen sin, så da vil eg dele den nye favoritten min: Ukrainsk kantarellpottis. Fenomenalt påfunne. No er dette det likaste eg veit både til gnafs og som siderett åt middagsmaten.

Spør din lokale leverandør om grossisten kan ta inn Lyuks/Люкс.
October 25, 2025 at 11:01 AM
Og ikkje berre finst det bra greier i USA, men i andre land i verda òg. Her er eit framifrå døme på Französich-Amerikanischen Freundschaft i Paris i går.
October 19, 2025 at 10:33 AM
Ein Oslo-klassikar, til glede for nye fotgjengarar:
October 12, 2025 at 2:57 PM
Perfekt på alle måtar, sett bort frå den ortografiske måten.
October 9, 2025 at 12:04 PM
(1/2) Takk for presiseringane. Dei fenomena du med rette kritiserer, blir jo støtt glatta over av repr. for medieorganisasjonane og -verksemdene, og den solidariske defensiviteten deira utgjer eit anna problem.

Her er eit unnatak: Natt&Dag nominerte i 2021 Dagbladet åt Årets Verste Stemme:
September 28, 2025 at 8:38 AM
YouTube har fått med seg at eg likar ein god miks av elektronisk musikk.
September 27, 2025 at 4:21 PM
Det er jo fint at politiet etter den andre eksplosjonen i Pilestredet, ein noko undervarsla "kontrollert detonasjon" som skvatt og skaka opp dei utskremde, har teke til seg at dei no skal jobbe på det her med 'spreng.'

Tør ein tilrå den gode gamle prosedyren med å kauke "VARSKO HEER" og "FYR HEER"?
September 23, 2025 at 10:09 PM
Exhibit B
September 21, 2025 at 1:24 PM
Frå Chois helgeportrett i Dagsavisen. For alt det som forfektast av ytringsfridomsprinsipp frå den kanten, så forblir det forbaska vanskeleg å fri seg frå inntrykket av at det støtt gjeld "freedoms for me, but not for thee." Slik innstillinga hans er åt andre normer og reglar i samfunnet vårt.
September 21, 2025 at 1:18 PM
Første forsøk på torus, kamera altfor nært i utsnittet, men ikkje altfor forferdeleg.
September 20, 2025 at 11:07 PM
I kveld har eg oppdaga at tekstgeneratorar kan laga bilete indirekte via skript i språket SDL. Koden så kan rendrast åt eit bilete med det eldgamle POV-Ray-programmet. Nittitalet er attende, med strålesporing av ekte kurver utan skjemmande polygonale kantar!
September 20, 2025 at 9:26 PM
Einsfarga raudt som fargeval i visualisering av "tuttifrutti"-blokka er uheldig. Det likaste hadde vore fleirfarga mønster, gjerne ein form for rastering/skravering slik somme av oss minnest frå Excel 3.0-grafar.
Om det lyt vera einsfarga, gjer eg framlegg om kakerosa, subsidiært tropisk jus-oransj.
September 10, 2025 at 8:49 AM
Beklagar å måtta sende folk over åt Zuck, men eg tykkjer analyse/kommentaren hans @jsundhenriksen.bsky.social i dag er særs vinnleg å få med seg, og ikkje minst betimeleg.

www.facebook.com/share/p/19Hn...
September 8, 2025 at 3:35 PM
Om det gjeld statsvitskap, politisk kommunikasjon eller maktdynamikk; Machiavelli utgjer basisen og Sir Humphrey Appleby er for vidarekommande.
August 26, 2025 at 10:32 PM
"Trans Forming Liberty" (Amy Sherald 2024).
Olje på lin 312,4 × 194,3cm.

Kunstnaren Sherald (1973) seier at verket "finst for å halde av plass åt einkvan som har fått menneskelegheita si politisert og sett vekk ifrå."

Modellen er ikkjebinær og heiter Arewà Basit.

Smithsonian nekta det pga. Vance.
August 14, 2025 at 6:30 AM