Gunn Inger
gunninger.bsky.social
Gunn Inger
@gunninger.bsky.social
Språk, litteratur og folkedans. Hu/na.
Sannare ord har sjeldan vore ytra.
November 6, 2025 at 10:06 PM
Haust, alvor og mørke ❤️ (Eller iallfall veksling mellom det og lange lyse netter)
November 6, 2025 at 10:05 PM
Men august har jo den sterkaste ny start-kjensla av alle månadene! Då trur eg jo kvart år at alt skal ordna seg og eg skal få orden på absolutt alt. Kan likevel gå med på at juni er den finaste sommarmånaden. Dei lyse nettene ❤️ (Om lag like fine som dei mørkaste dagane i desember.)
November 6, 2025 at 9:49 PM
SÅ einig i at februar er verst! Tett fylgd av mars som i beste fall er ein vårmånad på papiret. November er eigentleg litt koseleg. I hjernen min er haustmånadene mørke og koselege, medan månadene på andre sida av nyttår er kvite og kalde, litt som eit sjukehus.
November 6, 2025 at 9:22 PM
Ah, prixen!
October 28, 2025 at 7:52 PM
Kanskje ikkje så rart?
October 28, 2025 at 7:37 PM
Faktisk kanskje så lite som fem prosent. Ikkje at det gjer det greitt, men litt formildande er det jo.
October 15, 2025 at 9:15 PM
Har eg vurdert å snu dei tilbake? Ja. Har eg akseptert lagnaden? Ja. (Og til stylisten sitt forsvar har me 9 store bokhyller, to små og eitt bokskap der bøkene har fått stå riktig veg.)
October 15, 2025 at 9:09 PM
På same måte ligg ein i senga når ein ligg under dyna, men på senga viss ein berre har lagt seg oppå alt.
September 10, 2025 at 9:12 AM
Det er to ulike ting, så det heiter begge delar. Viss ein har sett seg godt til rette, gjerne med beina oppi, sit ein i, men viss ein sit veldig pent og pynteleg med føtene på golvet, ryggen ikkje inntil ryggstøet og gjerne hendene i fanget, sit ein på.
September 10, 2025 at 9:11 AM
Nei, stakkars gjeng! (Onkelen min jobba med Kark ❤️ Og sidemannen min på karkopplæringa kommenterte kor søt han mannen var 😁)
August 31, 2025 at 9:30 AM
Det var veldig lite hovudslåing på fransk då eg gjekk der, iallfall. Men eg har framleis eit anstrengt forhold til Georg Johannesen etter året på littvit.
August 31, 2025 at 9:25 AM
Kanskje det må ha skjedd noko på dei om lag fem åra mellom oss? For "her" er UiB, sant?
August 31, 2025 at 9:21 AM
Dette stemmer godt med mi oppleving av littvit, og er hovudgrunnen til at det blei fransk vidare (som i utgangspunktet skulle vera frie studiepoeng). Mykje meir nedpå - både førelesarar og medstudentar.
August 31, 2025 at 9:14 AM
(Og det var ei laurdagsgreie, det med fredag fekk ikkje eg med meg før mange år etterpå.)
August 19, 2025 at 11:59 AM
Seint nittital hjå tremenningane som hadde budd i USA nokre år fordi faren jobba i oljå. Og då heitte det "taco dinner" med amerikansk uttale.
August 19, 2025 at 11:56 AM
Godt mogleg det berre var dei i 10D, altså, men dei skorne var ein stor del av livet i klasserommet mitt, iallfall.
August 19, 2025 at 4:23 AM
Ikkje heilt ulike postordrejoggeskoa gutane på ungdomsskulen (på Tasta) spleisa på og bytte på å ha på seg i gymtimane (ofte fleire gonger i løpet av ein time slik at alle fekk springa 60-meteren i dei).
August 18, 2025 at 8:42 PM
Gratulerer!
July 31, 2025 at 9:00 PM
Einig! Liker veldig godt heile serien, og spesielt måten kjærleiken er løyst på.
June 8, 2025 at 12:28 PM