Geir Hopen Nødset
farskjokken.bsky.social
Geir Hopen Nødset
@farskjokken.bsky.social
Sunnfjording i Vestfold. Mat, fotball og kultur, latinske forhold og all slags historie, samfunnsliv og politikk. Eks-journalist i offentleg helseforvaltning. #lufc #vcf #rbk www.farminsittkjokken.com
Jadda! Minst eit år der oppe, dessverre med VAR, men veldig gjerne med Farke som sjef. For ein jobb han har gjort! #lufc
May 3, 2025 at 1:37 PM
Så var ein visst snill i år, likevel, @schjelderup.net 😇 No blir det røykprat på nyåret! God jul!
December 24, 2024 at 7:50 PM
Det er tydeleg at Vy slit med meir enn brannar og sporvekslingsfeil om dagen. Kanskje på tide å dra fram dette minnet frå 29. desember 2015. Då var det kaldt på Bergensbana, då!
November 13, 2024 at 12:50 PM
Heime hos mor. I skuffa mi har tida stått stille sidan eg flytta ut. No følgjer eg sonen min heimefrå, via besta. Det kjennast som å flytte ut for andre gong…
August 20, 2023 at 8:27 AM
Såg lyset då eg såg og høyrde «The Last Waltz» for første gong. Måten bandet dyrka fram det beste frå den nord-amerikanske musikkarven, gav oppdikta skjebner ekte liv… Eg fekk aldri sett Robbie Robertson i levande live, men han har vore med meg i ein mannsalder og vel så det. Kvil i fred!
August 10, 2023 at 8:23 AM
Eg elskar Vestfjorden i Vestfold. Då eg traff kona mi for 26 år sidan hadde vi stadig fiskelukke her. I dag herjer vass-skutarar og speedebåter oppå overflata, under vasslinja er det relativt dødt. Det er eit visst vemod ved å bu på andre sida av fjorden for deg, @cpspange.bsky.social
August 6, 2023 at 8:34 AM
Vanskeleg å seie om du har sett den eller ikkje, men eg skal lure sonen min til å sjå «Whitnail and I», om eg berre finn ein stad vi kan strøyme den. Eg var på premieren på seint 80-tal. Meiner Paul McGann var der og. Svart, britisk humor på sitt beste!
August 3, 2023 at 3:30 PM
I ni år har vi hatt stor glede av vår flotte, svarte labrador. Då kroppen min var tom for krefter for eit par år sidan, var det ho som drog meg med ut på tur. No har vi skaffa oss ein breton-rakett på fire månader. Er «redd» turane blir lenger og fleire no… Heldigvis!
July 30, 2023 at 8:11 PM