Podkasten Eder & Galle
banner
edergalle.bsky.social
Podkasten Eder & Galle
@edergalle.bsky.social
Hobberst og Salte tek deg med på ein engasjerande reisa gjennom Bryne og norsk fotball.
Vi vil trekkja fram dagens «banens beste» – ei heidersutmerking som i dag går til dei Bryne-supporterane som står bak arbeidet med TIFO. I dag fekk me sjå ei fantastisk TIFO som vitnar om ekte engasjement og kjærleik til klubben.

Tusen takk for den enorme dugnadsinnsatsen de legg ned ❤️!
July 27, 2025 at 6:31 PM
🎤 Kanskje på tide å byggja seg opp mot oppgjeret i helga…
July 23, 2025 at 9:21 AM
Fotballens festdag ⬇️⚽️

Vi er på tur og ventar på avgang til Oslo og vidare til Drammen ✈️. Blir du å sjå på tribunen på Marienlyst stadion?
May 16, 2025 at 6:52 AM
Me speler inn ny episode i dag etter cupkampen mot Torvastad. Har du spørsmål eller ønskjer tema me skal ta opp så varmar du opp tastaturet ⌨️🔥.
April 24, 2025 at 9:44 AM
Ny innspeling under planlegging. Har du ønskjer for tema eller spørsmål til podkasten? Kom med det 🤩!
April 15, 2025 at 7:41 AM
Mann (33) frå Jæren sakna. Sist sett i Kristiansund.

Ser du han? Ikkje tips nokon….
April 5, 2025 at 8:10 PM
I morgonens episode av Eder & Galle tek vi eit dypdykk i Bryne sin serieopning mot Bodø/Glimt. Vi diskuterer kampens høgdepunkt, kva som fungerte bra, og kva som kan bli betre.

I tillegg går vi gjennom lyttarspørsmåla som har komme inn, og det blir tid til å snakke om fantasy-ligaen vår.
April 3, 2025 at 6:50 PM
Me går på i kveld. Det blir snakk om Bodø-kampen og kommande kamp på Nordmøre. Speler karakterar mm. Er det noko anna som må med? Send i veg i kommentarfeltet.

📸 Vegard Hanssen
April 2, 2025 at 11:07 AM
Det koker i billettbua på stadion og det koker av meldingar i innboksen vår. Folk lurer på kvifor me ikkje slepper episoden før fredag? Det er jo kick off og serieopning til helga 🧨…..

Me er samde, så derfor kjem vekas episode torsdag morgon om de lovar å dela episoden vidare? 😎
March 25, 2025 at 1:17 PM
Dei aller fleste tabelltipsa trur Bryne vil ta den raske turen ned igjen til OBOS-ligaen. Tabelltipset vårt kjem fredag.

Spørsmål til dykk; Trur du Bryne held plassen? Viss ja, kva er det som blir nøkkelen til overleving?
March 24, 2025 at 6:31 AM
KAMPTRÅD:
Bryne - EIK

🗓 23.03.25
🆚 Egersund
🏆 Treningskamp
⌚️ 14:00
🏟️ Aarbakkebanen
⛅️ 13 gr. 9 (17) ↖️
📺 Jærbladet

📸 Vegard Hanssen
March 23, 2025 at 10:36 AM
Før du har sett kaffien på kok i morgon tidleg er ein ny episode ute. Vi snakkar med Norheim om den kommande sesongen, Kryger fortel om scoringa og kampen mot EIK, samtidig som vi tek ein gjennomgang av treningskampane med Knappen.
March 20, 2025 at 8:21 PM
Årets trenar i OBOS-ligaen 2024 besøkjer oss også denne veka 🤩. Det betyr at gjestelista no er stapp full så på fredag høyrer du både Sondre Norheim, Axel Kryger og Kevin Knappen i episoden vår som kjem gry tidleg om morgonen 😎.

📸 Vegard Hanssen
March 18, 2025 at 3:27 PM
I episoden neste veke kjem ikkje berre Norheim på besøk. Denne gjesten hadde følgjande melding til Hobberst utpå matta på Bryne Stadion etter kampen mot EIK; «Eg sa det jo te deg hobberst, snakk med fødene så går det mesta greit».

Kryger er klar for å varme opp til Eliteserien med oss😎

📸 V.Hanssen
March 15, 2025 at 4:15 PM
21. mars og 28. mars kjem det episodar med fleire gjester. Dette blir ei oppvarming til sesongen som snart skal sparkast i gang.

Me har ein gjest som er litt vår «favoritt». Han toler eidar og galle og han er ein hardhaus. Sjølvsagt snakkar me om Norheim! Han er får du høyra meir frå 21 mars 🤩.
March 13, 2025 at 7:00 PM
Det er tid for innspeling av ny episode igjen. Er det noko å snakka om? Ønskte tema der ute? Kom med det så skal me få det på 🎙️🎧.
March 3, 2025 at 9:06 PM
Nicklas Strunck kjem som vekas gjest i podkasten. Det blir litt om overgangen til Bryne, forskjellen på dansk og norsk fotball og kva han kan tilføra Bryne på banen.

Episoden dukkar opp i morgon tidleg ☕️👍.
February 6, 2025 at 8:50 PM
Klarer Norheim seg best som midtstoppar eller popstjerne? Han samlar i alle fall på «årets beste spelar» prisar innanfor fotballen, men kor mange grammys har han, tru?

Kanskje me finn or det neste veke når han besøkjer Eder & Galle for mykje herleg fotballprat 🤩.

Har du spørsmål til Sondre?
January 14, 2025 at 6:00 AM
Takk til alle som har høyrt på oss gjennom året!Vi veit at vi ofte kjem med vårt vekevise vas,men likevel har de halde ut.Det set vi stor pris på.I 2022 var vi for negative,i 2023 blei vi aldri fornøgde,og i 2024 har vi vore for positive! F***,det er ikkje lett å levera til eit så krevande publikum😘
December 31, 2024 at 9:36 PM
I dag speler me inn ny episode. Gjest er Bryne-spelar Lars Erik Sødal 😁!
December 11, 2024 at 5:40 PM