kvifor20.bsky.social
@kvifor20.bsky.social
Nortura kallar inn til digitalt grisemøte. Eg las krisemøte.
Heller grisemøte enn krisemøte, sei.
Skal kle meg i det flottaste undertøyet, pisk og tau. Øve inn noko dirty nynorsk. Håpar dei likar det.
November 18, 2025 at 7:08 AM
Berre ei årleg påminning om å rense og vaske filteret i kjøkkenvifta di. Og har du som meg ein tømrar buande i huset som du deler vaskemaskin med og som har mykje løje i lommane, kan det vere lurt å sjekke lofilteret. Der kan det hamne mykje artig.
Takk for meg.
November 16, 2025 at 11:17 AM
God natt til deg som ventar. Lengtar. Til deg som har funne det tapte og til deg som har mista det umistelige. God natt til deg som ber mørkre med deg som ei tung kappe. Den vert nok lettare med tida, men du kan ikkje ta den av.
God natt til deg som treng det💙

open.spotify.com/track/05XNDa...
Boulder to Birmingham - 2003 Remaster
open.spotify.com
November 15, 2025 at 10:39 PM
Utan å røpe noko so kan eg berre seie at Ølhunden Berit er det beste eg har sett på lenge. Anders Basmo Christiansen er glitrande i rolla og formidlar so mange kjensler på ulike nivå.
Eg trur vi, og då kanskje spesielt unge gutar treng å sjå denne.
November 15, 2025 at 8:17 AM
Reposted
Psykologen anbefalte meg nettopp å gå inn i lokalpolitikken, og nå sitter jeg bare og lurer på hvor mange kommunepolitikere som er der fordi verken yoga eller puslespill funker for dem
November 10, 2025 at 12:10 PM
Når du trudde ei låt ikkje kunne bli betre. Dette var eit flott arrangement. Berre å ta på seg høyrelurane og kose seg.
youtu.be/St6jyEFe5WM?...
Procol Harum - A Whiter Shade of Pale, live in Denmark 2006
YouTube video by Widespreadpanic41
youtu.be
November 8, 2025 at 7:58 AM
På veg til Bergen med hurtigbåten. Olav Stedje er på infoskjermen og syng «Vi vandrar saman». Kan det bli meir Sogn og Fjordane og Vestlandet enn det?
November 3, 2025 at 8:07 AM
Har levert inn eit utkast av bacheloroppgåva mi. Innsåg brått at det kan både bety det det er, ei bacheloroppgåve eller i ungkarsoppgåve og no vart eg litt i tvil om kva eg har levert.
November 2, 2025 at 10:41 AM
Sit og ser på «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Tenkjer at det er skikkeleg tøffe folk og at dei er litt rare som bur slik til. Innser at eg sit i det berømte glashuset og eg høyrer det singlar i glas.
Jammen skal vi vere glad for at folk tek vare på kvar ein avkrok i landet vårt.
November 2, 2025 at 8:07 AM
Ho mor hadde besøk av ein rørleggar. Han sto på kne og jobba og veit de kva? Ingen sprekk. Eg er mildt sagt skuffa. Kvar er denne verda på veg?
October 30, 2025 at 6:29 PM
Tenk å finne ein gjenlevande frå mellomalderen Det er intet mindre enn sensasjonelt
www.vg.no/i/xm1WjQ?utm...
Krever KrFU-lederens avgang: – En helt sinnssyk ting å mene
Uttalelsene fra KrFUs leder om abort og voldtekt har fått enorm oppmerksomhet i sosiale medier. Over 14.000 mennesker har signert på en kampanje om at hun burde trekke seg.
www.vg.no
October 28, 2025 at 12:16 PM
Har funne min spiritlåt klokka 0730 på morgonen. Spot on.
Maren Morris er ganske so rå.

Too good to leave, too bored to stay
That's how the people that love me behave
It's too bad it's taken me this long to say
I was always too good for your ass anyway

open.spotify.com/track/18krjw...
too good
open.spotify.com
October 27, 2025 at 7:20 AM
Ser det har gått steinras på Carl Berners plass. Har Oslo blitt heilt Vestlandet eller??
October 26, 2025 at 4:24 PM
Ha ein pullertfin dag💙
October 24, 2025 at 4:50 AM
Når Støre og Stoltenberg seier at budsjettet er tilpassa situasjonen i Noreg slik den er i dag, so lurer eg litt på kor mykje gale som har skjedd i Noreg på berre eit par månader. Fyrst lovar ein gull og grøne skogar. Deretter: Nei, har ikkje råd.
Makan!!
October 20, 2025 at 3:01 PM
Nokon har sett vel mykje Løvenes konge her på bruket. Dei som veit,dei veit.
October 19, 2025 at 4:32 AM
God natt til deg som ventar. Lengtar.
Til deg som framleis pustar og held deg fast. Bra!
God natt til deg som ikkje er so lett å gløyme. Til deg som ikkje gløymer.
God natt til deg som framleis har trua og håpet. Det vil helst gå godt.
God natt💙
October 17, 2025 at 6:23 PM
Statsbudsjettet er so viktig at Stoltenberg faktisk burde hatt hatt.
October 15, 2025 at 5:29 AM
Sit og balar med bacheloroppgåva om Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. Eit vakkert tema. Men eg manglar ord. Eg har nokre av dei hovudet, men får dei ikkje ut gjennom fingrane. Det er so frustrerande.
Men, eg skal nok finne dei. 3000 ord på ei veke. Alt går. Får leite i fjøra.
October 6, 2025 at 6:24 AM
Kikar opp på stjernene. Kanskje eg kunne sjå eit stjerneskot og ynskje meg noko?
Trudde eg såg eit, men det synte seg å vere ein møll. Jaja. It is what it is. When you wish upon a møll…
September 26, 2025 at 7:52 PM
«Og nå skal vi fra gammalost til ung mann»
Norge Rundt er so Norge Rundt og eg elskar det.
September 26, 2025 at 5:49 PM
Sjeldan har eg identifisert meg meir med ein ost enn no.
September 25, 2025 at 8:44 PM
I dag har vi gått gjennom Akvakulturlova, Matlova, Dyreveldferdslova, Forureiningslova og ikkje minst Pavlova.
September 24, 2025 at 12:05 PM
Litt for sein til festen her, men kva grunngjeving har NRK for å sende minnestunda til CK? På kva måte inngår det i samfunnsoppdraget?
Det eg fekk med meg var hylling av ein kontroversiell person i AMERIKA.
CHEESUS. Send heller ei reprise av Fjernsynskjøkkenet frå 1988. Seriøst.
September 22, 2025 at 6:51 AM
Du har sognametal og so har du sognapullert. Rimeleg harde og solide saker begge deler.
September 21, 2025 at 6:39 PM