Bjørn Hermundstad
banner
bhermundstad.bsky.social
Bjørn Hermundstad
@bhermundstad.bsky.social
Lett middelaldrande valdris busett i Bergen. Går i film, cinematek, breddefotball, lågare divisjonar, statistikk, lister, dialekt & Vazelina. Trivst på quiz under Bergen Spillfestival 😊

Letterboxd: boxd.it/3S2vB
Colchester/Lyngbø/Øystre Slidre/Valdres FK
Pinned
Nytt år, nye moglegheiter og ny plattform. Passer vel greit å då starte med å kjapt talfeste fjoråret

Filmar: 327, herav 50 på kino og cinematek (25 på BIFF)
Fotballkampar: 28. 130 mål, ingen 0-0, 13 nye banar

Og fyrste film i 2025: denne, sidan prosjektet med usette no er på 1974. Vi er i gang! 😊
Baklengsmålet var litt enk... Drit i det!
Italia er ikkje det dei v... Drit i det!

Dette, gutter! Dette var saker! 🤩
November 16, 2025 at 9:41 PM
Eg trudde feil. Det lever eg greit med 😄
Trur eg vi havner over Italia? Nei
Trur eg vi vinn i kveld? Nja...

Kva eg håper på? To uavgjort mot Italia, og at Italia kanskje dælker til med ein U mot Israel el.lign.
Trur eg det skjer? Nja...
November 16, 2025 at 9:30 PM
Flott sistefilm, og dermed set vi strek for 1975-lista òg. Bra "timing" å bli forkjøla så ein uansett måtte halde seg inne og kunne kjøre full sundagsmatiné (for ja, denne er *lang*). Hei og hopp, 1976! 😊 #filmskya
November 16, 2025 at 7:49 PM
Bombe at det tok nesten eit halvt år før ein faktisk kom i gang, hehe. Men here we go, dette vert gøy! (og den siterte tråden er framleis super, ja) #filmskya
November 15, 2025 at 7:53 PM
Oppsettet for 4. div gjekk meg jammen hus forbi i går, men dette ser uansett ikkje så ille ut for Lyngbø (sett med 2025-auge). Mister derbyet mot Frøya, men måtte jo bli dei eller Loddefjord som fekk det. Berre å vente i spenning på terminlista 🙂👍 #breddefotball
November 15, 2025 at 10:56 AM
Ei veke for blanda inn- og uttrykk. Salò har eg nok fort sett for fyrste og siste gong 😬 Flott gjensyn med min Wachowski-favoritt (aldri vore ein Matrix-fan) før heilt greie Nerve. Fin og fargerik "kose-noir" med Marilyn og Jean Peters som lett avrunding. #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
November 14, 2025 at 4:04 PM
Og trur huet mitt no at vi både *kan* og høgst sannsynleg *kjem til* å tape 9-0? Klart det gjer 😄

(og ja, dette er ikkje det mest sjarmerande mesterskapet, men klarer liksom heller ikkje å håpe at nokon av landslaga våre taper)
Ryk vi 9-0 i Milano no, då vert eg faktisk litt sur... 😅
November 14, 2025 at 9:17 AM
Ryk vi 9-0 i Milano no, då vert eg faktisk litt sur... 😅
November 13, 2025 at 9:39 PM
Veldig bra dette, for all del, meeen eg liker framleis ikkje disse tullemåla vi både slepp inn og nesten slepp inn. Ikkje fordi glaset mitt er halvtomt, men tenkjer alltid på bedre motstand og "kva når..."
November 13, 2025 at 6:50 PM
Med 11 lag frå Oppland i 5. div og 13 frå Hedmark ligg det vel fort i korta at det vert 11+1 i ei avd og resterande 12 i den andre. Ringsaker over brua, kanskje, eller Ridabu hvis opprykkslaga skal fordelast javnt?

Ved siste alternativ mister ein dog "logoderbyet" mot Romedal, i så fall litt synd 😊
November 12, 2025 at 4:26 PM
Spelarar eg gjerne skulle vore gamal nok til å ha opplevd live:

1. George Best

That's it. Det er lista.
November 8, 2025 at 2:59 PM
Tre javnt over gode gjensyn og ein nokså fæl first-watch, zombieprosjektets svakaste til no. Cliffhanger hadde nok tapt seg, men framleis moro, og fin innpakning av veka med klassisk 50-talsparanoia i kvar sin ende. Det blikket til Jean Peters sat, gitt 😄 #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
November 7, 2025 at 6:02 PM
Filmane er nok iblant så som så, men når denne logoen møter deg, vert det i hvert fall ikkje kjedeleg 🤩
Som med Cliffhanger i går. Hadde nok tapt seg ein smule, men ikkje anna å vente. Var jo tross alt "verdas beste film" då eg m.fl. såg den på kino som 15-åring 😊 #filmskya
November 5, 2025 at 9:28 AM
Ikkje heilt noirvember, men med nok 50-talsparanoia og småtrykka stemning til at den funka fint som ein introduksjon. Og funka uansett som #mandagsfilmen #filmskya
November 4, 2025 at 9:26 AM
Grunna t.d. BIFF vart det vel ikkje heilt spooktober i år heller, men toucha no innom horroren uansett:

The Witch
The Monkey
Nightmare on Elm Street 1-7
My Bloody Valentine
Beetlejuice Beetlejuice
The Substance
M3GAN
Rose of Nevada
Exit 8
Naboer
Misery

17 stk får vere greit, tross alt 😊 #filmskya
Spooktober har eg ikkje tenkt så mykje på, men kan jo vere ein fin anledning for gjensyn.

Strange Darling
M3GAN
The Witch
The Lighthouse
Raw
Titane
The Substance
Suspiria (2018)
Thirst
Mandy
A Girl Walks Home...
It Follows
Get Out

Er t.d. 13 (hehe) eg av ulike grunner skulle sett oppatt. #filmskya
November 2, 2025 at 2:46 PM
Pause, med stilling som følger:

Nybergsund-Brumunddal 0-1
Skreia-Toten 1-0
Løten-Trysil 2-1
Ottestad-Follebu 1-2

Og då er i skrivande stund Dala oppe, og Ottestad og Follebu nede. Spennande sisteomgang i vente.
Hehe, og jammen har vi no òg eit artig scenario i 4. div Indre Østland før siste runde neste helg, der Nybergsund altså møter Brumunddal (og Skreia møter Toten). Berre å finne fram kalkulatoren og finrekne, folkens! #breddefotball
November 2, 2025 at 12:58 PM
Eit gjensyn med det steindumme 90-tal som Halloween-nattkino, sa du? Ikkje verste forslaget, det, veldig lenge sidan eg såg den er det òg. Vi går for den! #filmskya
October 31, 2025 at 10:26 PM
Reposted by Bjørn Hermundstad
Håper alle filminteresserte her inne bruker filmoteket. Utrolig bra tilbud
October 31, 2025 at 1:01 PM
To litt unødvendige oppfølgjarar, men med sopass gode doser sjarm og idéar at det ikkje funka så halvverst likevel. Deretter to svært etterlengta gjensyn, som begge sat som ei kule. Jepp, held meg nok langt unna slegger (og ein hissig Hackman) ei stund 😅 #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya
October 31, 2025 at 2:32 PM
Å jada, denne held seg som berre det! Og på blu-ray både ser og høyrest den riktig så bra ut 👍 #filmskya
October 26, 2025 at 4:42 PM
Lyngbø-Fyllingsdalen, siste runde i Norsk Tipping-ligaen avd 4. Fekk ønskt eit lag velkomen til divisjonen i går, så då får vi ta farvel med eit anna i dag (med mindre seier, beste 12. plass, lag trekk seg, tynn teori etc.). Årets 15. Lyngbø-kamp for min del, vi satser på positiv og god sesongslutt!
October 26, 2025 at 10:56 AM
Hehe, og jammen har vi no òg eit artig scenario i 4. div Indre Østland før siste runde neste helg, der Nybergsund altså møter Brumunddal (og Skreia møter Toten). Berre å finne fram kalkulatoren og finrekne, folkens! #breddefotball
October 25, 2025 at 6:07 PM
Here we are: Stemmemyren og Varegg-Frøya, når alt skal avgjerast i 4. div avd 1. Hit måtte vi jo!

Kan vi få eit lignande drama som i fjor? Forutsetningane er uansett klare. Seier til eit av laga: vinnaren rykker opp. Uavgjort: Frøya rykker opp, med mindre Nordhordland vinn med minst seks mot Sund.
October 25, 2025 at 2:37 PM
Grei komikveld mot slutten av omgangen på Sotra, gitt. Her må det ein episk andreomgang til om det skal verte nokon kvalik utpå der...
October 25, 2025 at 11:51 AM
Laksevåg-Bønes, siste runde i 5. div avd 3. Begge lag trygt plassert rett under midten av tabellen, men som kan gå hhv. opp og ned ein plass avhengig av resultatet her og i Viking-Varegg 2. Greit nok med litt kortreist #breddefotball no når sesongen skal avrundast 😊
October 24, 2025 at 6:05 PM