Andre Midtskogseter Reite
skedsmokorset.bsky.social
Andre Midtskogseter Reite
@skedsmokorset.bsky.social
Har tatt på meg å lese, like og skrive på vegner av heile Skedsmokorset, men det angrar eg litt på.
Nb-grunnlag:
September 24, 2025 at 7:32 AM
Video:
September 24, 2025 at 7:32 AM
Kunne du høyrt etter noko for meg? Inntil AKKURAT NO-sendinga frå Pilestredet på Nrk i går kveld hadde eg aldri høyrt (kraft)uttrykket «SAVA» før. Det ser ut til å ha tyngdepunkt langs (iallfall delar av) #Sørlandsbanen. Kor utbreidd er det i dag?
September 24, 2025 at 7:31 AM
Å, no kom eg i hug ei eller anna samling (frå eit blad? Giga? Heitte noko det?) med spel (eller demoar) der det òg var film med ein type i ein hagestol som fortalde cd-rom-blødmer. «Jæ bor på Romsås. Giga cd-rom-sås» og «Gutta sier jæ har så fin rumpe. Giga cd-rom-pe». Takk for minnet.
September 20, 2025 at 2:12 PM
Den duppen rundt tusenårsskiftet fell vel radt saman med konkursen til Akers mic òg? Hm. 🐓 og 🥚?
September 20, 2025 at 1:03 PM
«Edutainment – Vi har det.»
September 19, 2025 at 3:47 PM
stort.
September 6, 2025 at 6:54 PM
Slik blir han vitne til eit klesbyte på den andre sida av gata. Ein julenisse blir ein vanleg fyr, og snikkaren ser både han og lausskjegget tydeleg gjennom vindauga, men han får seg ikkje til å melde frå om hendinga.
August 8, 2025 at 7:42 PM
Snikkar Andersen er 55 år og bur aleine på Rudshøgda i Ringsaker. Idet romanen opnar feirar han jul for seg sjølv i tråd med dei skikkar som gjeld for ein norsk juleftan, noko han blir ståande ved vindauga og reflektere over ei stund.
August 8, 2025 at 7:42 PM
DU rappar for lite om snak!
July 31, 2025 at 6:07 PM
Eg veit ikkje svaret på det siste*, men tykkjer du har svaret på det første! Frå no av skal det heite rapprødarvals!

*Og her blir eg dessutan forvirra. For eg surrar det så fort saman med hoppvals. Sånn eg har forstått oppdalingane er det hopp, men ikkje vals. Så då er vi i 2/4 igjen. Jøye meg.
July 30, 2025 at 9:09 PM
(EG ER GIFT MED EI AV DEI SOM SPELAR TORADAR, MEN SKRIV AV FRI VILJE (eller gjer eg det?))
July 30, 2025 at 8:43 PM
skal dovrerappe over m.a. 3/4-takt. Om det ikkje er pionerverksemd i verdsmålestokk, må det i det minste vere noko av det første vi får høyre i ein Dovre-Oppdal-samanheng? Fokstugu! Åhooooi!
July 30, 2025 at 8:34 PM
Ogobor var eit stort namn i (den utvida) ungdomstida mi. Halvparten, Ole Marius Snipen, har skrive teksta til musikken og arrangementa til ein av dei aller beste innafor sitt, Erlend Viken (ÅH! [hjarta]). Så no er eg noko så helsikes starstrucka (som forma må vere) over å få høyre korleis Snipen
July 30, 2025 at 8:34 PM
#hiphopskya, kor utbreidd er det med rap over 3/4-beat? Eg har eit ålreit musikketos vil eg meine*, men eg kan ikkje kome på særleg med døme på det. Difor vil eg påstå det er ei #jælma tilstelling som går føre seg i kulturhuset på (!) Oppdal (eg er klar for nevekamp om preposisjonsbruken) i morgon!
July 30, 2025 at 8:33 PM
Hei, eg heiter Andre. Den første sprøyta eg sette var som di. Plutseleg hadde eg meldt meg på og persa (og tatt i bruk ordet «perse») i halvmaratonløpet mellom Kirkenær og Grinder. Så no er eg både jogge- og Solør-frelst.
July 28, 2025 at 5:32 PM
Sveitta for Svithun.
July 2, 2025 at 7:21 PM
/Dette/ er content, for å seie det sånn. Og det gjorde eg då. Takk!
June 26, 2025 at 7:36 PM